Haill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store kveiter fanga i Alaska.

Hald, hall, haill eller vadhald er eit nordnorsk omgrep for god fiskelukke som skal koma av å ha hatt eit nyleg samleie.[1] Ordet «hald» kan frå norrønt visa til å ha tak eller drag på noko.[1] Det var opphavleg berre knytt til kveitefiske.[1]

Motsett kan dårleg fiskelukka forklarast med at ein manglar eller har dårleg hald.[2] Arthur Brox rapporterer frå Ytre Senja at dårleg fiskelukke, som at ein fekk skate (ufisk) i staden for kveite på kroken, kunne skuldast på at ein hadde fått dårleg hald frå kona eller kjærasten.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Marit Anne Hauan (1996). "Noahs ark". Tromsø museum, Universitetet i Tromsø. s. 10-17. 
  2. Svestad, Asgeir (1962-) (1995). In the footsteps of hunters and fishermen: Mefjordvær. [Troms County]. s. 26-27. ISBN 8278190100. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]