Haitisk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haitisk voudouskulptur, no ved Etnologisk museum i Berlin.

Haitisk kultur er fyrst og fremst ein kultur med sterke vestafrikanske røter, i tillegg til sterke franske røter, grunna den franske koloniseringa av landet, noko ein ser igjen i det haitiske språket, den haitiske musikken og i religionane. Kulturen har også med element frå den opphavlege tainokulturen og spansk imperialisme.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

«Bigga Haitian» er ein kjend musikar frå Haiti.

Ettersom den opphavlege folkesetnaden vart systematisk utrydda, forsvann også den førkolumbiske musikken, men ein rituell ringdans, areyto, er mellom det som har overlevd. Musikken i Haiti i dag har røter til hovudsakleg Europa, grunna koloniseringa, og Afrika, grunna slavehandelen. Den europeiske påverknaden har hovudsakleg kome frå Frankrike og Spania, via Cuba og Den dominikanske republikken. Stilar som er særeigne for Haiti har stort sett opphav i voodoo-tradisjonen. I tillegg kjem den svært populære musikksjangeren compas. Populærmusikken har mange likskapstrekk med tilsvarande musikk på mellom anna Guadeloupe og Martinique. Alan Lomax var den fyrste som spela inn haitisk musikk. Dette var i 1937, på oppdrag frå Library of Congress i USA.

Frå 1800-talet utvikla det seg eit offentleg musikkliv i Haiti. Påverknaden frå Frankrike var sterk, ettersom musikarane tok utdanninga si i Paris og dei fleste musikkinstrumenta vart importerte derifrå. I 1860 vart det opna eit statleg musikkonservatorium i landet. Trass i dominans frå Europa, er det musikk i mindre former som har vorte det mest populære, som salongstykke i form av valsar og andre dansesatsar, méringue og prosesjonsmusikk. Dessutan har militærorkester spela ei viktig rolle i musikkhistoria til landet. Justin Élie (1883–1931), som var ein haitisk komponist, vart internasjonalt kjend som pianovirtuos.

Teater[endre | endre wikiteksten]

Skodespel har lenge vore ein populær sjanger i Haiti. Det vart til dømes skrive mange skodespel i samband med lausrivinga frå Frankrike i perioden 1791–1804. Same typen patriotiske skodespel vart også skrivne då landet var okkupert av den USA-amerikanske marinen i 1915–1934, til dømes Le Forçat («Fangen», 1923) av Dominique Hippolytes.

Teaterstykke har også fleire gonger vorte brukt til å vise at også haitisk-kreolsk er eit fullverdig kulturspråk. I 1953 sette til dømes dramatikaren Félix Morisseau-Leroy opp sitt eige skodespel, Antigone en créole («Antigone på kreolsk»). Frankétienne (Franck Étienne) har også vore viktig i dette arbeidet. Eit anna grep som har vore brukt, er å hente inn katolske ritual og element frå den lokale voodoo-kulturen. Franck Fouché var ein føregangsmann for dette, og ein ser det også i skodespelet Kaselezo (1985) av Frankétienne, som handlar om ei blind voodoo-prestinne. Frå 1980-åra og framover har Gérard Chenet vore den mest kjende dramatikaren i landet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Lyonel Trouillot ved Salon du livre de Paris i 2010 under debatten Haïti : c'est la culture qui nous sauvera ('det er kulturen som vil redda oss').

Det er fyrst etter sjølvstendet i 1804 at det gjev meining å snakke om ein eigen nasjonallitteratur i Haiti. Den franske litteraturen var ei viktig inspirasjonskjelde for denne, men heile tida har den haitiske litteraturen også vore nært knytt til det politiske livet i landet. Den fyrste litteraturen var av patriotisk karakter, mellom anna med kritikk mot dei dåverande raseteoriane. I den fyrste delen av hundreåret er dette representert ved til dømes Le Système colonial dévoilé (1814) av baron Pompée Valentin Vastey, medan ein seinare fekk viktige verk som L’Égalité des races (1884) av Louis-Joseph Janvier, De l’Égalité des races humaines (1885) av Anténor Firmin og De la Réhabilitation de la race noire (1900) av Hannibal Price. Mot slutten av hundreåret utvikla det seg også ein realistisk stil som tok opp lokale problem, med forfattarar som Frédérique Marcelin, Alcibiade Fleury Battier og Antoine Innocent.

Indigénisme («det innfødde») var ei litterær retning som voks fram på byrjinga av 1900-talet. Her søkte ein å finne fram til ein felles kulturell identitet, og viktige forfattarar frå perioden er Jean Price-Mars og Jacques Roumain. Fyrstnemnde var oppteken av dei folkelege tradisjonane, medan Roumain hadde eit meir politisk siktemål. Etter 1950 vart litteraturen igjen sterkt politisk prega, grunna Duvalier-diktaturet og kampen for politisk og kulturelt sjølvstende, og mange forfattarar måtte i kortare eller lengre periodar leve i eksil. Ein fekk surrealistiske og avantgardistiske lyrikarar som René Depestre, Magloire Saint-Aude og Villard Denis, og ein fekk politisk og sosialt prega forfattarar som Anthony Phelps og Roger Dorsinville. I tillegg stod fleire kvinnelege forfattarar, som Marie Chauvet og Marie-Thérèse Colimon-Hall, fram. Men i åra etter 1980 har det litterære livet dabba mykje av, truleg grunna dei store krisene i politikken spesielt og samfunnet generelt. Lyonel Trouillot er likevel ein kjend forfattar frå denne perioden som framleis er aktiv, med prosa og lyrikk på både haitisk og fransk.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Haitisk metallkunst.

Målarkunsten i Haiti var, som litteraturen, lenge prega av europeiske førebilete, og då hovudsakleg av fransk og italiensk barokk og fransk og britisk romantikk. Motiva var ofte historiske og heroiske. Mykje av den historiske kunsten frå Haiti gjekk tapt då Palais National, der den nasjonale samlinga av måleri var plassert, vart øydelagt i 1912. Indigénisme, som i utgangspunktet var ei litterær nyskaping, bana også vegen for ein eigen haitisk kunst frå 1890-åra. Seinare, i 1920-åra, voks interessa for haitisk kultur mykje. Eit kjent måleri frå denne tida er Den krossfesta opprøraren Charlemagne Perrault (1920) av Edouard Goldman. Philomé Obin måla seinare det same motivet som ei visualisering av den haitiske historia.

Centre d’Art i Port-au-Prince, som vart grunnlagt i 1945, innleidde ein viktig periode for haitisk kunst. Frå vesentleg sjølvlærde målarar som Rigaud Benoit, Hector Hyppolite og Wilson Bigaud fekk ein naivistiske og fantasifulle måleri. I skulpturkunsten tok ein i bruk skrapmetall: Georges Liautaud, og mange med han, byrja å klippe figurar i jern. Ei anna gruppe valde å fjerne seg frå folkekunsten, for i staden å arbeide i ein meir internasjonal stil. Den mest kjende nolevande kunstnaren frå Haiti er nok Hervé Télémaque, som i dag er busett i Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Haitisk kultur