Haitisk økonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bas-Ravine i den nordlege delen av Cap-Haïtien

Haitisk økonomi er prega av at landet etter dei fleste økonomiske mål er det fattigaste i Amerika. Det hadde eit bruttonasjonalprodukt på 11 610 millionar USD i 2009, og dermed BNP per innbyggjar på 1 300 USD – om lag 3,50 USD per person per dag.[1]

Det er eit fattig land – eit av dei fattigaste og minst utvikla i verda. Samanliknande sosiale og økonomiske mål viser at Haiti har lege under andre lågkost- og utviklingsland (særleg på den vestlege halvkula) sidan 1980-åra. Haiti er no på 149. plass av 182 land på HDI-lista til SN (2009). Om lag 80 % av folkesetnaden i landet lever under fattigdomsgrensa, og 54 % i ekstrem fattigdom.[2] Den økonomiske veksten har vore negativ eller berre ørlite positiv dei siste åra.[3] Fattigdom har tvinga minst 225 000 barn i byane i Haiti til slavearbeid som ubetalte hushjelper og tenarar.[4] Landet har lenge lege mellom dei mest korrupte i verda på CPI-lista til Transparency International.[5][6]

Om lag 66 % av haitiarane arbeider i landbrukssektoren, som hovudsakleg omfattar små sjølvforsynande bruk,[1] men dette utgjer berre 30 % av BNP. Landet har opplevd lite formell auke i arbeidsplassar det siste tiåret, sjølv om den uformelle økonomien er i vekst. Mango og kaffi er to av dei viktigaste eksportprodukta til Haiti.[1] Bistand frå utlandet utgjer 30–40 % av budsjettet til regjeringa i Haiti. Den største gjevaren er USA, etterfølgt av Canada, og EU bidreg også. I tillegg bidreg Venezuela og Cuba til den haitiske økonomien, og spesielt har dei gjort det sidan alliansane mellom landa vart fornya i 2006 og 2007.

Den USA-amerikanske bistanden til den haitiske regjeringa vart stoppa heilt i 2001–2004, etter det omstridde valresultatet i 2000, der president Aristide vart skulda for valfusk. Etter at Aristide forlét landet i 2004, fekk Haiti igjen pengar frå USA, og den brasilianske hæren leidde fredsstyrken MINUSTAH.

Haiti var venta å få ettergjeve gjeld på om lag 525 millionar USD, eller om lag 3 milliardar norske kroner, gjennom Heavily Indebted Poor Countries (HIPC) i løpet av sommaren 2009[1] – dei fekk ettergjeve heile 1,2 milliardar dollar (om lag 70 milliardar kroner).[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 CIA – The World Factbook – Haiti Arkivert 2016-01-31 ved Wayback Machine..
  2. ">«Haiti» av Christina Milsom hjå Latin-Amerikagruppene i Norge.
  3. «Haiti – GDP Growth» hjå IAEA.
  4. «Report: 225,000 Haiti children in slavery» på USAtoday.com (22.12.2009).
  5. «2006 Corruption Perceptions Index reinforces link between poverty and corruption Arkivert 2006-11-07 ved Wayback Machine.» hjå Transparency International (06.11.2006).
  6. «Hoping for change in Haiti’s Cité-Soleil Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.» hjå International Red Cross.
  7. «Haiti Gets US$1.2 Billion of Debt Relief» – pressemelding frå Verdsbanken (30.06.2009).