Hajin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°41′22″N 40°49′51″E
Feil i uttrykket: Ukjent punktumsteikn, «&»
Hajin
هجين
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Deir ez-Zor guvernement
Distrikt Abu Kamal-distriktet
Nahiyah Hajin
Koordinatar 34°41′22″N 40°49′51″E
Folketal 37 935 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Hajin (arabisk هجين, òg skrive Hajeen) er ein liten by aust i Syria i Deir ez-Zor guvernement, ved Eufrat, sør for Deir ez-Zor. Av stader i nærleiken finn ein al-Abbas i vest, al-Ramadi i sør og Kharayij i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Hajin eit folketal på 37 935 i 2004. Han er det administrative senteret i ein nahiyah («underdistrikt») i Abu Kamal-distriktet. Hajin nahiyah består av fire byar som i lag har eit samla folketal på 97 970 i 2004.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Deir az-Zawr guvernement. (arabisk)