Hakapik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
To hakapikar utstilt i ein jaktbutikk i Tromsø.

Hakapik er ein fangstreiskap laga av eit skaft med stålsett hake og pigg i eine enden. Hakapik blir hovudsakleg brukt til selfangst.[1]

Utforming og bruk[endre | endre wikiteksten]

Kaptein Axel Krefting og seljegarar ved ein skoten isbjørn i Vestisen (Grønlandshavet) sommaren 1882. Fleire av jegerane har hakapikar.
Svensk seljegar på 1920- eller 1930-talet med gevær og hakapik.
Foto: Ernst Klein (1887-1937), Nordiska museet

Hakapik liknar ei hakke som består av et langt skaft, gjerne av bjørk,[2] påtredd eit jern- eller stålhovud med ein butt hammar i den eine enden og ein lang pigg eller krok i den andre.

Under fangst blir hammaren brukt som ei klubbe for å knusa kranietselen og slå han medvitslaus. Like etterpå slår ein piggen djupt inn i hjernen på dyret for å avliva det heilt[2] og for å kunna trekka kadaveret med seg. Etter dette følgjer blodtapping, anten på isen eller ombord i fangstbåten,[3] for å garantera døden og sørgja for haldbart kjøt av betre kvalitet, og sidan flåing, spekking (fjerning av spekk frå skinnet) og vidare bearbeiding av skrotten.[2]

Hakapik har tradisjonelt vore brukt til å drepa selungar, medan vaksne individ blei skotne med gevær.[2] Hakapik har også blitt brukt til å avliva og slepa større dyr som er skotne.

Fangstreiskapen har norsk opphav og har funnest i over hundre år.[2] Slagkrok blei innført i 1969.[2] Han blir også brukt i Canada og andre stader. Inuitar og andre urfolk har tradisjonelt brukt handhaldne harpunar til selfangst. Norske fangstfolk på 1980-talet regkna hakapisk som eit svært effektivt slagvåpen[2] som drap dyret fort uten å skada pelsen.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om fleire ekspertar reknar bruk av hakapik som ein rask avlivingsmetode, kan han opplevast som ekstra brutal. Bruken har derfor blitt sterkt kritisert i den internasjonale motstanden mot selfangst.[2] Kritikken auka særleg i åra etter at NRK i 1989 sende selfangstinspektøren Odd F. Lindberg sin dokumentarfilm om selfangst. Her blei det mellom anna vist inhuman nedslakting av selungar («[[kvitunge>kvitungar]]») med hakapik. I ein rapport frå 1988 hadde Lindberg hevda at sel blei flådd levande, og at fangstfolka påførte selen lidingar medvite.

Regulering av norsk bruk[endre | endre wikiteksten]

Den norske selfangsten føregår i to område, omtalt som Austisen (Østisen) og Vesterisen. Østisen er områda utanfor Kvitsjøen i Russland si økonomiske sone. Vesterisen er havområda ved Grønland. Den som skal delta i selfangst må ha bestått ein særskild prøve i bruk av hakapik.[3]

§ 5. Krav til hakapik og slagkrok
  1. Hakapik skal ha rett treskaft som er fra 110 cm til 150 cm langt og som har en diameter fra 3 cm til 5 cm. Hakapiken skal ha en jernsko som veier minst 400 gram og som er forsynt med en 12 til 18 cm lang, svakt bøyet pigg. Den butte enden av jernskoen kan ha en hammertapp som ikke skal være mer enn 4 cm lang. Jernskoen skal være forsvarlig festet til skaftet. Hakapikens pik må alltid holdes spiss.
  2. Slagkrok skal være 50 cm lang, 1/2 tomme tykk og veie minst 1.000 gram, hvorav den påsveisede tilleggsvekt ved kroken skal veie minst 250 gram.
  3. Hakapikens og slagkrokens form og materiale skal være i samsvar med Selfangstrådets vedtak av 4. november 1970 og tegninger av samme dato.

(...)

§ 7. Fremgangsmåten ved avliving
  • Avlivingen skal foregå på en slik måte at dyret ikke lider unødig.
  • Voksne dyr skal skytes. Unger skal skytes eller slås med hakapik eller slagkrok.
  • Dyr som er skutt skal snarest mulig slås med hakapik. På unger kan også nyttes slagkrok.
  • Ved bruk av hakapik eller slagkrok skal selen slås i hodeskallen. Først skal selen slås med redskapets butte ende eller hammer slik at skalletaket knuses. Deretter skal redskapets pigg slås dypt ned i hjernen. På dyr som er skutt og ligger stille, er det tilstrekkelig å bruke redskapets pigg.

(...) |Frå Forskrift om utøvelse av selfangst i Vesterisen og Østisen (2003, endret 2011)[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]