Hakke Hakkespett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hakke Hakkespett (engelsk Woody Woodpecker) er ein amerikansk teiknefilmfigur som opptrer i 194 teiknefilmar av den amerikanske animatøren Walter Lantz som blei produserte for Universal Studios[1][2] mellom 1940 og 1972.[3] Figuren er maskot i temaparken Universal Studios Hollywood. Hakke Hakkespett har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Walter Lantz i 1990

Hakke Hakkespett er ein hakkespett med menneskelege trekk og har mykje til felles med kvitbrynsvartspett, både i fysisk framtoning og i den kjende latteren sin. Inspirasjonen til figuren skal likevel ha kome frå ein eikespett som forstyrra Walter Lantz og kona hans Grace under bryllaupsreisa deira til June Lake i California i 1940.[4] Ein hakkespett av denne typen[5] heldt dei vakne med bråk utanfor hytta deira om natta, og då det begynte å regna fann dei ut at han hadde hakka hol i taket til hytta. Walter ville helst skyta fuglen, men Gracie føreslo at han skulle laga ein teiknefilm om han i staden.[6]

Hakke Hakkespett blei skapt i 1940 av Lantz og storyboardkunstnaren Ben Hardaway, som tidlegare hadde utvikla karakterane Bugs Bunny (Snurre Sprett) og Daffy Duck, ved Warner Bros. Cartoons. Utforminga og eigenskapane til hakkespetten utvikla seg i løpet av åra, frå ein galen fugl med skrikande utforming til ein meir raffinert karakter som likan meir på Chuck Jones sin versjon av Bugs Bunny.[7] Hakke Hakkespett fekk fyrst røyst av Mel Blanc, som blei etterføgd i kortfilmane av Danny Webb, Kent Rogers, Dick Nelson Ben Hardaway og til slutt Grace Stafford, kona til Walter Lantz.[8]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Woody Woodpecker Theatrical Cartoon List». Big Cartoon Database. 16. juli 2012. 
  2. Denis Gifford. «Woody Woodpecker shoots to the top of the cartoon tree: From the archive, 4 July 1972 | Film». The Guardian. Henta 1. august 2016. 
  3. Lenburg, Jeff (1999). The Encyclopedia of Animated Cartoons. Checkmark Books. s. 156–158. ISBN 0-8160-3831-7. 
  4. Brennan, Shannon. «Walter Lantz Biography». Rovi. Henta 30. januar 2019. 
  5. Zickefoose, Julie (10. mars 2009). «Woody The Acorn (Not Pileated) Woodpecker». NPR. Henta 22. januar 2010. 
  6. Lenburg, Jeff (2006). Who's Who in Animated Cartoons: An International Guide to Film & Television ... - Jeff Lenburg – Google Books. ISBN 9781557836717. Henta 3. oktober 2012. 
  7. Rovin, Jeff (1991). The Illustrated Encyclopedia of Cartoon Animals. Prentice Hall Press. s. 288–289. ISBN 0-13-275561-0. Henta 8 April 2020. 
  8. A. Folkart, Burt (19. mars 1992). «Gracie Lantz Dies; Invented Woody Woodpecker». Los Angeles Times. Henta 24. august 2013.