Hakkemat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hakkemat (eller hakkmat) er ein matrett laga av opphakka kjøt.

Hakkmat frå Helgeland[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell hakkmat var kvardagskost i slaktetida. Småbrukarar med eit par kyr og nokre få sauar selde det meste av kjøtet dei produserte, medan innmat og avskjer vart bruka til mat dei åt sjølve. Til hakkmaten brukast innmat av sau: hjarta, lunge, medgard og kanskje noko kjøtavskjer. Innmaten vert koka før han vert hakka eller grovmalen.

Søt hakkmat[endre | endre wikiteksten]

Hakkmaten vert gjerne smaksett med lauk, sirup og krydra med ingefær,allehånde og pepar. Denne hakkmaten vert eten med potet eller brød, gjerne til nons eller kveldsmat. Slik søt hakkmat minner mykje skottane sin haggis.

Salt hakkmat[endre | endre wikiteksten]

Alternativt vert hakkmaten smaksett med brunsaus, lauk, salt og krydra med ingefær, allehånde og pepar. Slik hakkmat minner mykje om lungemos, men han inneheld meir kjøt. Salt hakkmat høver godt til middagsmat, sidan han vert eten med potet, men han kan òg verte koka til kvelds.