Haldor Monsson Hamarsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haldor Monsson Hamarsvik
Fødd 1799
Selje i Nordfjord
Død

23. februar 1822 (22 år)
Selje

Debut Sjelens sjungende Harpe (1835)

Haldor Monsson Hamarsvik (179923. februar 1822) var ein norsk fiskar, bonde og diktar frå Selje kommune i Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Boka Sjelens sjungende Harpe, ei samling av salmar og religiøse tekstar Monsson Hamarsvik dikta, vart utgjeven posthumt i 1835 av vennen og omgangsskulelærar Peder Pederson Hamarsvik (1793-1849).[1] Utgjevinga innheld 19 songar og er på 61 sider, og i ei innleiing Haldor Monsson Hamarsvik skreiv med tanke på publisering seier han mellom anna at tekstane er meint å «forlyste»[2] allmugen.

Enkelte stadar i Selje og nabobygdene vart tekstar i boka nytta i husandakta, og det er kjent at utgjevinga til Haldor Monsson Hamarsvik var godt utbreitt i dette området.[3]

Tema i songane, skreiv Haldor Monsson Hamarsvik, er «Om Syndens Bekjendelse», «At foragte det Jordiske og tragte efter det Himmelske», «Om Verdens Forfængelighed og Ubestandhighed» og liknande religiøse emne.[2] Tekstane vart tonesett med melodiar godt etablerte frå før i den norske salmeheimen.

«At foragte det jordiske», «Til løgnagtige Munde» og «En Julesang» er døme på tre songtitlar av Monsson Hamarsvik. Alle songane hadde mellom to til 18 strofer.[4]

Haldor Monsson Hamarsvik omkom på sjøen under fiske på fjorden utafor Skårbø i Selje.[1][3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1835 – Sjelens sjungende Harpe : indeholdende nogle aandelige Sange, forfattede af Haldor Monsson Hammersvig. Nu efter Forfatterens Død til Trykken bekostet af nogle af hans efterladte Venner, ved Peder Pedersen Hammersvig. (Volda: R. Aarflots Bogtrykkerie, Aarflots prenteverk)  [Andre opplag prenta hos M. A. Aarflot prenteverk i Volda i 1855 og utgitt på Knud J. Ækrems Forlag, 46 sider[5]]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Djupedal 2009, side 263
  2. 2,0 2,1 Djupedal 2009, side 267
  3. 3,0 3,1 Sudmann, Norsk allkunnebok 1953, side 743
  4. Djupedal 2009, side 267-269
  5. Djupedal 2009, side 262 og Fet 2003, side 120, 204