Halfdan Cleve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halfdan Cleve
Portrett av Halfdan Cleve (1879-1951).jpg
Fødd5. oktober 1879
FødestadKongsberg
Død6. april 1951
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist
Gift medBerit Winderen

Halfdan Cleve (5. oktober 18796. april 1951) var ein norsk pianist og komponist, fødd og oppvaksen i Kongsberg. Han var ei tid busett i Tyskland. Han komponerte mellom anna fem klaverkonsertar, andre klaverstykke og ein del kammermusikk.

Cleve var son av organisten i Kongsberg kyrkje, Andreas Johan Julius Kleve (1832–1903), og vart kalla eit vedunderbarn. Han fekk statens kunstnarløn frå 1946, og vart av enkelte kalla «Nordens Brahms». Han gifta seg i 1904 med pianisten Berit Winderen (1878–1964), som han fekk fire døtrer med.

Han fekk først undervisning av faren, og frå 1895 studerte han i Kristiania under Otto Winther-Hjem. I 1898 flytta han til Berlin, og studerte der under Oscar Raif og Scharwenka-brørne.

I 1902 debuterte Cleve i Berlin med sin eigen pianokonsert i A-dur. Han heldt fram med å bu i Berlin, og fastsette ryktet sitt som ein glitrande pianist og ein lovande komponist. Han gav konsertar både i Tyskland og andre stader. I 1907 var han solist ved ein konsert for å heidre Edvard Grieg – med Grieg sjølv på dirigentpodiet.

Cleve budde så ein kort periode i København, men flytta i 1909 tilbake til Noreg, og busette seg i hovudstaden og konsentrerte seg om komposisjon. Musikken hans kan best kallast seinromantisk. Etter kvart fekk han eit norskare preg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]