Halfdan Møller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halfdan Møller

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1862
Brønnøy kommune
Død

20. april 1925 (62 år)

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Halfdan Fredrik Sibbern Møller (22.mai 18621925) var ein norsk prest som gav ut fleire skrift på nynorsk.

Møller var fødd i Brønnøy, son til ein distriktslege. Sjølv vart han student 1880 og cand.theol. seks år seinare. Han var residerande kapellan i Volda frå 1887 og i Stavanger frå 1890. Frå 1891 til -98 var han reisesekretær i Norges kristelige ungdomsforbund. Sidan var han residerande kapellan i Sagene sokn i Kristiania. Frå 1918 til han døydde var han sokneprest i Ullern. Møller var mykje aktiv i kristelege og sosiale foreiningar og lag, så som Sagenes ungdomsforening, soldatheimen på Gardermoen og i Norsk søndagsskoleforening.

I 1899 gav Møller ut det nynorske skriftet Norsk huspostil: sundagstankar aat alle sundagar og festdagar i kyrkjeaaret og i 1902 Huspostil til dei gamle teksterne, også det på nynorsk. Elles omsette han utdrag frå norrøn litteratur, mellom anna fyrste delen av Kongsspegelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958