Halfdan Strøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halfdan Strøm
Halfdan Strøm.jpg
Fødd 4. november 1863
Oslo
Død

28. april 1949
Oslo

Yrke kunstmålar, professor

Halfdan Frithjof Strøm (4. november 186328. mars 1949) var ein norsk målar frå Oslo. Hans mest kjende måleri er frå 1930 og syner Kong Haakon VII og prins Olav som kjem til den norske hovudstaden hausten 1905 og vert møtt av statsminister Christian Michelsen.

Strøm var son til ein skreddar. Sjølv byrja han i 1881 på den offentlege Teikneskulen og på Knud Bergslien sin private målarskule, begge i Kristiania. Året etter etablerte han ateliersamarbeid med Bertrand Hansen, Edvard Munch, Lorentz Norberg, Andreas Singdahlsen, Jørgen Sørensen og Thorvald Torgersen.

Til sine tidlege verk henta Strøm motiva frå arbeidarmiljøa i hovudstaden, som til dømes Fra Grøntbasaren frå 1885. Måleriet Skomakerverksted vart premiert ved Verdsutstillinga i Paris 1889. Etter eit studieopphald i Paris i 1892 tok Strøm til med andre typar måleri og motiv. Han laga ein heil del portrett og mange skildringar av solfylte, sommarlege landskap. Både økonomisk og sosialt hausta han forteneste og framgang for denne utviklinga i kunstnarskapen.

Saman med Christian Krohg og bilethoggaren Gunnar Utsond vart Strøm i 1909 professor ved Statens Kunstakademi, ein posisjon han hadde til 1935, dei siste elleve åra var han òg direktør for skulen. Han var 1931-36 formann i Bildende Kunstneres Styre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]