Halhjem-Sandvikvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
MF «Fanafjord» ved kai i Sandvikvåg

Ferjesambandet Halhjem-SandvikvågEuropaveg 39 går over Bjørnafjorden mellom Halhjem i Os og SandvikvågFitjar i Hordaland. Ferjestrekninga er om lag 22 km lang og overfarten tek 40 minutt. Strekninga har sidan 2019 vore trafikkert av trafikkselskapet Torghatten. Sambandet er i dag eitt av dei mest trafikkerte ferjesambanda i Noreg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ferjestrekninga starta 1. juni 1957 som Osøyri - Våge - Bruntveit - Fitjar. HSD fekk konsesjon på ruta i konkurranse med Det Midthordlandske Dampskipselskap. Dei første åra var det ferja M/F «Halsnøy» som gjekk denne ruta. Ferja tok åtte bilar og 250 passasjerar, og gjorde to rundturar per dag. I løpet av 1958 frakta sambandet 3708 bilar. «Halsnøy» gjekk i ruta fram til våren 1963, utanom sommaren 1961 og kanskje sommaren 1962 då ho gjekk i turistrute i Hardanger. MF «Valldal» vart då innleigd frå MRF som avløysar for «Halsnøy».

Halhjem ferjekai opna våren 1963 og ein kunne då nytte større ferjer i sambandet, sidan den tronge hamna på Os hadde hindra at ein kunne bruke større ferjer. MF «Bjørnefjord» vart då sett inn i Halhjem - Våge - Bruntveit - Fitjar. Våren 1964 opna Sandvikvåg ferjekai, og erstatta Fitjar.

Ruta vart splitta i to ruter våren 1967. MF «Vikingen» vart då sett inn på ruta Halhjem-Våge-Bruntveit, medan MF «Bjørnefjord» fortsette på Halhjem-Sandvikvåg til ut på hausten 1967, då ho vart avløyst av MF «Skånevik». MF «Odda» tok over for «Skånevik» i juni 1968, men «Skånevik» var attende i ruta sommaren 1969 og fram til hausten 1970. Sommaren 1970 var det for første gongen to ferjer i ruta, «Skånevik» og MF «Vøringen».

Vinteren 1970/71 gjekk MF «Hardingen» i ruta, men frå sommaren 1971 vart ho avløyst av MF «Strandebarm» og MF «Kinsarvik», og frå den tid var det to ferjer i ruta året rundt. «Strandebarm» gjekk i ruta til våren 1974 som A-ferje, medan «Kinsarvik» gjekk til hausten 1973, då ho vart avløyst av MF «Hardingen». Desse ferjene var B-ferjer. Sommaren 1973 vart MF «Melderskin» nytta som C-ferje i ruta.

MF «Ulvik» og MF «Hardingen» gjekk i ruta frå sommaren 1974, og vart sommaren 1975 og 1976 supplert av MF «Vøringen». MF «Fitjar» tok over for MF «Ulvik» i A-ruta vinteren 1976/77, men «Ulvik» tok over att etter kring eitt år, før «Fitjar» igjen tok over ruta frå sommaren 1978. MF «Hardingen» vart avløyst av den nye MF «Kvam» i B-ruta våren 1977. «Kvam» gjekk i ruta til ho vart avløyst av MF «Hordaland» i juni 1979. MF «Vøringen» heldt fram i C-ruta 1977-1979, utanom sommaren 1978 då «Ulvik» var C-ferje.

Sommeren 1979 kom MF «Os» inn som A-ferje, men vart avløyst av «Fitjar» same haust. «Hordaland» var B-ferje og «Fitjar» var sommaren 1979 C-ferje.

Frå 1986 til 2007 vart strekninga trafikkert av fire HSD-ferjer, M/F «Stord», M/F «Ullensvang», M/F «Bjørnefjord» og M/F «Sunnhordland».

Frå ferjestrekninga vart etablert i 1957 var ho trafikkert av HSD, seinare Tide, fram til Fjord1 vann ein anbodskonkurranse og overtok i januar 2007. Samstundes vart det sett inn nye ferjer etter krav frå vegstyresmaktene og overfartstida vart redusert frå 50 til 40 minutt. Dei tre nye gassferjene som i dag trafikkerer sambandet er M/F «Fanafjord», M/F «Bergensfjord» og M/F «Raunefjord». Ferjekaiane på Halhjem og i Sandvikvåg vart òg utvida for å få meir oppstillingsplass og bygde om for å passa til dei nye ferjene.

Fjord1 har etter overtakinga fått ein del kritikk for forseinkingar og ruter som ikkje går. Det at det no går tre ferjer i staden for fire som tidlegare, at dei ikkje har reserveferjer og at Fjord1 ikkje har andre ferjesamband i nærleiken, gjer dei sårbare for tekniske problem og vedlikehaldsopplag. Fjord1 har avvist kritikken, ved å visa til at talet på forseinkingar ikkje overstig dei tala som andre ferjesamband har.

Samstundes har trafikkveksten over fjorden vore formidabel. Medan trafikktala viste ein trafikk på 842 640 personbileiningar (PBE) per utgangen av september i 2003, var den på same tid i 2009 på heile 1 193 816 PBE. Passasjertalet auka på same tid frå 1 124 009 til 1 560 134 passasjerar. Ein auke på 1597 passasjerar kvar dag.

I 2011 frakta ferjene 1,2 millionar passasjerar og 888 618 køyretøy. Det gjer eit snitt på 2 434 køyretøy dagleg.

Ferjer i ruta[endre | endre wikiteksten]

Operatørar[endre | endre wikiteksten]

  • HSD: 1967–2007
  • Fjord1: 2007–2018
  • Torghatten: 2019–

Kjelder[endre | endre wikiteksten]