Halifax i England
| Halifax | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | West Yorkshire | ||
| Distrikt | Calderdale | ||
| Areal | 20,73 km² | ||
| Folketal | 104 100 (2021)[1] | ||
| Postnummer | HX1-7 | ||
| Retningsnummer | 01422 | ||
![]() Halifax i England 53°43′30″N 1°51′47″W / 53.725°N 1.863°W | |||
| Wikimedia Commons: Halifax, West Yorkshire | |||
Halifax er ein by i West Yorkshire i det nordlege England. Han voks fram som eit sentrum for ullproduksjon frå 1400-talet. Byen er administrasjonssenter for den sameinte styresmakta Calderdale.
Namnet blir sagt å vere ei forvansking av det gammalengelske ordet for holy (heilagt) og face (andlet), ein referanse til ei segn om at Johannes Døyparen vart gravlagt der. Legenda oppstod i mellomalderen, og vart så viktig for byen av byvåpenet har eit bilete av helgenen. Soknekyrkja, som vart reist på 1100-talet, er vigd til Johannes Døyparen.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Halifax Piece Hall var ein marknadshall der stykke av ullstoff vart selt. Han opna 1. januar 1779, og var berre open to timar i veka, på laurdag morgon. I den korte perioden var det hektisk aktivitet i dei 315 romma som vart leidd av handelsmenn. Etter mekaniseringa av ullindustrien vart hallen omgjort til ein offentleg marknad. Denne er framleis i bruk. Tidlegare låg Calderdale industrimuseum i hallen, men det har vorte nedlagt.
Rådhuset vart bygd i 1863 av Charles Barry, som òg stod bak den moderne utforminga av Parlamentsbygningane i London. Wainhouse Tower frå 1871 er ei underleg fabrikkpipe, bygd som ein kuriositet for ein tøyfargefabrikk som aldri vart teke i bruk. Han har ein indre vindeltrapp som fører opp til ein observasjonsplattform med utsikt over byen.
Foto: Gary Overend
|
Halifax var frykta for Halifax gibbet, ein tidleg form for giljotin som vart brukt til å halshogge forbrytarar. Han vart sist brukt i 1650, og er altså langt eldre enn den meir kjende franske halshoggingsmaskinen. Ein kopi har vorte sett opp i Gibbet Street, der originalen ein gong stod. Rettsvesenet i Halifax var kjent for å vere spesielt strengt, og den korte bønna som blir kalla Tiggarklagesongen lyder: «From Hull, Hell and Halifax, Good Lord deliver us!» («Fri oss, Herre, frå Hull, helvete og Halifax»).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Halifax (England)» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2011.

