Halil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halīl
elv
Land  Iran
Provins Kerman-provinsen
Lengd 390 km
Kjelde Hazarfjella
Munning Hamun-e Jaz Murian
Kart
Halil
27°29′48″N 58°25′09″E / 27.496666666667°N 58.419166666667°E / 27.496666666667; 58.419166666667
Wikimedia Commons: Halil River

Halīl, Haliri, Kharan eller Zar Dasht, er ei elv i Iran. Ho renn 390 km i distrikta Jiroft og Kahnuj i Kerman-provinsen. Ho spring ut på 3 300 meter over havet i Hazarfjella kring 100 km nordvest for Jiroft, og flyt sørvestover før ho mottar elvane Rudar og Rabar. Elva svingar sørover log flyt langs foten av Barezfjella, så søraust fram til Jiroft-demninga, som er 130 meter høg, kring 40 km oppom Jiroft. Ho renn så aust for Kahnuj og munnar ut i Hamun-e Jaz Murian i Balutsjistan.

Klimaet kring Halil Rud- eller Halilrood-vassdraget er ekstremt varmt om sommaren og har moderate temperaturar om vinteren. Det er ein av dei varmaste stadane i Iran og i verda og i august 1933 vart det målt temperaturar her på 57 ºC.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]