Hopp til innhald

Halla Tómasdóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halla Tómasdóttir

Fødd11. oktober 1968 (56 år)
Reykjavík
Statsborgar avIsland
Partipartilaus
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Utdanna vedAuburn University at Montgomery
Thunderbird School of Global Management
Alle verv
  • Islands president (2024–) Sjå dette på Wikidata

Halla Tómasdóttir (fødd 11. oktober 1968) er ei islandsk forretningskvinne og politikar som blei president på Island den 1. august 2024.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Halla Tómasdóttir vart fødd i Reykjavík,[1] og vaks opp i Kópavogur.[2] Ho budde i USA i ti år, der ho jobba for blant anna Mars og PepsiCo-selskapa, og i nesten to år i Storbritannia og Danmark.[3]

Tómasdóttir har ein MBA frå Thunderbird School of Global Management[3] i Glendale[4] i Arizona.

Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

I 1998 var Halla Tómasdóttir med på å etablere det private Reykjavík Universitet.

Frå 2006 til 2007 var Tómasdóttir generaldirektør for det islandske handelskammeret Viðskiptaráð Íslands.[3][5]

I 2007 grunnla Tómasdóttir,[6] saman med bankieren Kristín Pétursdóttir, finans- og investmentselskapet Audur Capital (Auður Capital), som presenterte seg som eit selskap som førte «kvinnelege verdiar» inn i finanssektoren, og investerte i berekraftige prosjekt.[5] Etter utbrotet av den islandske finanskrisa (2008–2011) var Audur Capital eit av få selskap i islandsk finanssektor som gjekk med gevinst.[5] I 2009 mottok Halla Tómasdóttir og Kristín Pétursdóttir utmerkinga Cartier Women's Initiative Award for prosjektet sitt.[7] I 2014 fusjonerte Audur Capital med Virðing.[8]

Tómasdóttir er direktør i The B Team, som er ei verdsomspennande, non profit-gruppe av næringslivsleiarar som jobbar for meir menneskefokuserte og klimavennlege forretningsmodellar.[9]

I 2016 stilte Tómasdóttir til val under presidentvalet på Island, der Guðni Th. Jóhannesson vann.[10] Tómasdóttir fekk den gongen nest flest røyster.[11]

Den 1. juni 2024 vann Tómasdóttir presidentvalet på Island med 34 % av røystene. Nokre av hovudsakene i valkampen hennar var påverknaden sosiale medium har på den mentale helsa til unge menneske, utviklinga av turisme på Island og kva for ei rolle kunstig intelligens skal ha.[12]

Tómasdóttir er den andre kvinnelege islandske presidenten, etter Vigdís Finnbogadóttir.

Tómasdóttir er gift med Björn Skulason (f. 1973). Dei har to barn saman.[13]

  1. «Halla Tomasdottir» (på engelsk). Nettstaden til Islands president. Henta 15. mars 2025. 
  2. «About Halla» (på engelsk). Halla Tómasdóttir. Arkivert frå originalen 26. mai 2016. Henta 5. juni 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Halla Tómasdóttir. «Ferilskrá (Lebenslauf)» (PDF) (på islandsk). Arkivert frå originalen (PDF) 9. juni 2016. Henta 5. juni 2016. 
  4. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  5. 5,0 5,1 5,2 Manfred Ertel (22. april 2009). «Island-Krise: Frauen greifen nach der Macht». Spiegel Online. Henta 9. juni 2016. 
  6. «Halla ætlar að bjóða sig fram». Morgunblaðið (på islandsk). 17. mars 2016. Arkivert frå originalen 19. mars 2016. Henta 31. mars 2016. 
  7. «Halla Tómasdóttir & Kristin Pétursdóttir: Audur Capital, Iceland» (på engelsk). Cartier Women's Initiative Awards. 2009. Arkivert frå originalen 9. juni 2016. Henta 9. juni 2016. 
  8. «About Virðing» (på engelsk). Virðing. Arkivert frå originalen 9. juni 2016. Henta 9. juni 2016. 
  9. «Businesswoman Tomasdottir becomes Iceland's next president». France 24 (på engelsk). 2. juni 2024. Arkivert frå originalen 3. juni 2024. Henta 3. juni 2024. 
  10. «New presidential candidate emerges in Iceland». Morgunblaðið (Iceland). 28. juni 2016. Arkivert frå originalen 21. juni 2016. Henta 28. juni 2016. 
  11. «Guðni Jóhannesson wins Iceland's presidential election». The Guardian. Agence France-Presse. 26. juni 2016. Arkivert frå originalen 3. juni 2024. Henta 28. juni 2017. 
  12. «Businesswoman Halla Tomasdottir set to become Iceland's next president». Al Jazeera. Arkivert frå originalen 2. juni 2024. Henta 2. juni 2024. 
  13. «Halla átti kærasta þegar þau Björn hittust fyrst» (på islandsk). mbl.is. 22. mars 2024. Arkivert frå originalen 5. april 2024. Henta 2. juni 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Halla Tómasdóttir