Halldor O. Opedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halldor O. Opedal
Fødd 26. mai 1895
Død

17. januar 1986

Yrke skribent

Halldor Olson Opedal (26. mai 189517. januar 1986) var ein lærar og tradisjonssamlar frå Lofthus i Hardanger.

Opedal var utdanna lærar, og var tilsett i Tyssedal i 37 år. Men han gjorde ein stor innsats ved å reisa rundt og samla inn folketradisjon og dialektdøme frå Hardangerbygdene ved å lytta til gamle folk som var flinke til å fortelja. Dei to største boksamlingane hans heitte Makter og menneske, i 22 bind, og Folk or gamal tid. Opedal skreiv òg ei skildring om folket på fjellgarden Kjeåsen i Simadalsfjorden; Kjeåsfolket i Hardanger. Soga om eit utkantfolk. (1980) Den samla bokproduksjonen hans er på 7500 sider.

I 1961 fekk Opedal Kongens fortenestemedalje i gull. I 1975 vart han vidare tildelt Norsk kulturråds ærespris for lokalhistorie for arbeidet sitt med folkekulturen i Hardanger.

I 1975 skipa han også eit fond med grunnkapital på 600 000 kroner, Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og målodling, og ved eit ervebrev skipa han Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige føremål, med grunnfond på 2,8 millionar kroner, til beste for kulturføremål i Hardanger.

Opedal døydde i Ullensvang i 1986. Ei byste i bronse av han, laga av Oddmund Raudberget i 1995, står i dag i sentrum av Lofthus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Store Norske Leksikon sin utdjupande artikkel om Halldor O. Opedal. Forfattar: Reidar Storaas.