Halldor Ukristne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Halldor Ukristne (norrønt Halldórr ókristni) var ein norsk skald som var aktiv i byrjinga av 1000-talet.

Det einaste vi veit om Halldor Ukristne er at det er nemnt i Skaldatal[1], at han var ein av hirdskaldane hjå Eirik Håkonsson Ladejarl då han hadde styringa med Noreg i tida 1000-1015.

Vi kjenner til berre eit dikt av han, åtte vers av «Eiriksflokkr»[2] [3] som er eit drottkvede (dróttkvætt[4]), eit hyllingskvad til Eirik jarl. Diktet er òg stundom kalla «Eiriksdråpa» og ein trur at det kan ha vore dikta medan Eirik jarl framleis levde. Diktet er teke med i Heimskringla, i Soga om Olav Tryggvasson[5], og skildrar slaget ved Svolder.

Tilnamnet «ókristni» betyr «den ukristne» og ein reknar med at namnet kjem av at Halldor var mellom dei som avviste kristendommen og heldt seg til dei gamle gudane. Det er kjent at Eirik jarl var tolerant i høve til religion og let folk flest få tru på det ville. Ein har vel hatt lett for å tru at samfunnet dermed var lite «kristna» då ladejarlane styrte. Men dersom det ikkje var noko særsyn at folk heldt på dei gamle gudane, kan ein undre seg på kvifor han fekk eit slikt tilnamn; kanskje var grunnen motsett, og nettopp den at det på denne tida var heller uvanleg i å rekna seg som «ukristen»?

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal heimskringla.no, frå Snorre-Edda
  2. Eiriksflokkr av Halldórr ókristni (Skaldic Project)
  3. EIRÍKSFLOKKR av HALLDÓR ÓKRISTNI (notendur.is)
  4. drottkvætt STORE NORSKE LEKSIKON
  5. Soga om Olav Tryggvasson i Heimskringla

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]