Halle Stirde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Halle Stirde (norrønt: Halli stirði) var ein islandsk skald som levde på midten av 1000-talet.

I Skaldatal[1] er han ført opp som skald hos kong Harald Hardråde (1015-1066), men elles kjenner vi ikkje til noko om livet hans. Tilnamnet stirði kan ha tydinga «den stivsinna» eller «den strenge», men kan òg tyde på at han gjorde dikt som var stivt og tungt å seie fram (stirðkveðinn).

I soga om Harald Hardråde[2] (kapittel 71) siterer Snorre vers frå ein flokk[3], som handlar om fredssemja mellom kong Harald Hardråde og kong Svein Estridsson (truleg i 1064). Snorre nemner ikkje namnet til diktaren, men skriv berre at «ein skald fortel». Det er blitt drøfta om versa kan ha blitt gjort av skalden Tjodolv Arnorsson, men blir i dag tillagt Halle Stirde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. HeimskringlaSoga om Harald Hardråde, kapittel 71
  3. Flokk av Halli stirði (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]