Hallein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallein

Hallein er ein by og ein kommune i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Byen Hallein ligg i kring 15 kilometer sør for Salzburg by, 447 meter over havet. Hallein er den nest største byen i forbundslandet, administrasjonsby i Hallein-distriktet og ein viktig industriby. Byen er særleg kjend for den historiske saltutvinninga. Hallein kommune har ei flatevidd på 27,0 km² og i kring 20 800 ibuarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunna geologiske tilhøve når salthaldig stein på Dürrnberg ved Hallein nesten opp til jordoverflata. Utvinning av saltet kan sporast 4000 år tilbake i tid og regulær gruvedrift tok til for om lag 2600 år sidan.

Etter 1000 års stillstand vart saltproduksjonen teken oppatt med hjelp frå ny teknologi. Gruvene vart då fylte med vatn som løyste opp den salthaldige steinen, før så vatnet vart pumpa opp og gruvesjaktene. Erkebiskopen i Salzburg rådde over saltutvinninga og kom der i gjennom til enorm rikdom og makt. Salthandelen, som hovudsak gjekk føre seg med elva Salzach som transportåre, spelte ei avgjerande rolle då den i hundrevis av år stod for halvparten av inntektene til erkebiskopen.

Bøhmen var ein viktig avtakar av Hallein-salt, då landet var eit handelssentrum for salt i Europa. Då Bøhmen i 1627 vart austerriksk provins mista Salzburg eit viktig marknad. Samstundes tapte Salzburg ein saltkrig mot Bayern. Omsetninga av salt stagnerte og gjekk tilbake. Ein lokal motreformasjon i Salzburg berre forsterka nedgangen då mange protestantiske kristne vart utvist frå riket.

Det nedlagde saltmagasinet på Pernerinsel

Erkebispedømmet Salzburg mista sjølvstendet under Napoleonskrigane og var frå 1816 under Habsburg-krona i Austerrike. For å skape eit breiare næringsgrunnlag etablerte Hallein fleire industriar i andre halvdelen av 1800-talet. Både sement-, sigar- og papirfabrikk vart sett i gang.

Saltutvinninga på Dürrnberg i Hallein tok slutt i 1989 og gruveanlegget vert i dag nytta til turist- og kulturføremål. Saltanlegget på Pernerinsel i Hallein vert mellom anna nytta i samband med Salzburger Festspiele.

Ni vidaregåande skular, samt høgskular og universitet høyrer heime i Hallein av i dag.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Komponisten Franz Gruber, som laga musikken til julesalmen «Glade jul» (eller «Stille natt»), budde mange år i Hallein og er gravlagd ved kyrkja i bysentrum. Dei alpine skirennarane Thomas Stangassinger og Anna Fenninger er begge frå Hallein.