Hallel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hallel (הלל, 'lovprising') er ei jødisk bøn som består av Salmane 113-118. Ho blir brukt til lovprising og takkseiing av praktiserande jødar ved visse høgtider: Dei tre store høgtidene pesah, sjavuot og sukkot, den mindre høgitda hanukka og kvar rosj hodesj (byrjinga av ein månad). Ho blir ikkje sagt på rosj hasjana, jom kippur eller purim.[1]

Bøna har to former. «Full Hallel» omfttar alle seks salmane, medan den kortare forma ikkje omfattar vers 1-11 av Salme 115 eller Salme 116. Full Hallel blir framført kvar dag av sukkot, dei første to dagane av pesah og på sjavuot og hanukkah. Kort Hallel blir sagt på dei siste seks dagane av pesah og på rosh hodesj.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.