Hallelujah I Love Her So

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallelujah I Love Her So
Singel av Ray Charles
frå albumet Ray Charles (or, Hallelujah I Love Her So)
B-side «What Would I Do Without You»
Utgjeve 1956
Innspelt 1956
Sjanger Jazz/Rhythm and blues
Lengd 2:35
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Ray Charles
Produsent Jerry Wexler
Ray Charles-kronologi
«A Fool for You»

(1955)

Hallelujah I Love Her So «Mary Ann»

(1956)


«Hallelujah I Love Her So» var debutsingelen til den amerikanske musikaren Ray Charles. Jazz/rhythm and blues-songen vart skriven og gjeven ut av Charles i 1956 for Atlantic og i 1957 vart han gjeven ut på debutalbumet hans. Songen nådde femteplassen på Billboard R&B-lista. Songen er laust basert på «Get It Over Baby» av Ike Turner (1953).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Beatles-versjonar[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografiforfattaren Mark Lewisohn (i The Complete Beatles Chronicle s. 362), spelte The Beatles (først som The Quarrymen) ofte songen, frå så tidleg som 1960 og fram til 1962 med Paul McCartney på solovokal. Nokre tidlege heimeinnspelingar (datert til mai 1960) finst på Anthology 1. Dei fortsette å spele songen fast på The Star-Club i Hamburg ut 1962, og ei publikumsinnspeling frå Hamburg kom med på albumet Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962. I tillegg vart songen spelt inn under den massive Get Back-innspelinga den 22. januar 1969 i følgje Doug Sulpy (i «Drugs, Divorce And A Slipping Image» seksjon 22.25).

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Eddie Cochran-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Hallelujah, I Love Her So
Singel av Eddie Cochran
frå albumet The Eddie Cochran Memorial Album
B-side «Little Angel»
Utgjeve November 1959
Innspelt 31. august 1959
Sjanger Rock and roll
Selskap Liberty F-55217
Låtskrivar(ar) Ray Charles
Produsent Eddie Cochran
Eddie Cochran-kronologi
«Somethin' Else»

(1959)

Hallelujah, I Love Her So «Three Steps to Heaven»

(1960)


«Hallelujah, I Love Her So» er ei tilpassing av Ray Charles-songen av Eddie Cochran. Songen vart gjeven ut på singel på Liberty Records i november 1959.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1960) Plassering
UK Singles Chart 22

George Jones- og Brenda Lee-versjonen[endre | endre wikiteksten]

George Jones spelte inn songen i 1984 på albumet Ladies' Choice som ein duett med Brenda Lee kalla «Hallelujah, I Love You So». Songen vart gjeven ut på singel i 1984 og nådde 15. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1985.[1]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1984–1985) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles[1] 15
Canadian RPM Country Tracks 13

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 174. ISBN 978-0-89820-203-8. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]