Hallfred Vandrådeskald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Hallfred Ottarsson Vandrådeskald (Vandrædaskald) (norrønt: Hallfreðr Óttarsson vandræðaskáld), fødd i 960-åra, død om lag 1007), var ein islandsk skald.

Slekt og familie[endre | endre wikiteksten]

Far til Hallfred var Ottar frå Hålogaland som reiste til Island på Håkon den gode si tid, og mor hans var Aldis Olavsdotter. Hallfred voks opp på garden Grimstungur i Vatnsdal på Island. Han vart gift med ei svensk kvinne, Ingebjørg Toresdotter, og med henne hadde han sønene Audgisl og Hallfred. Han døydde på havet på ei reise til Island. Kista vart sett på sjøen og rak seinare i land på den heilage øya Iona i Suderøyane (Hebridane), der Hallfred til sist vart gravlagd.

Liv og skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Hallfred er nemnd i fleire av dei islandske ættesogene, mest opplysningar om han finn vi i soga om Hallfred Vandrådeskald[1]. Han er òg nemnd i Heimskringla i Soga om Olav Tryggvasson og i Fagerskinna. I Skaldatal[2] er han nemnd som skald hos Olav Tryggvasson og Eirik Håkonsson Ladejarl.

Ein gong før 995 kom han til Noreg og var ei tid hos [[Håkon Sigurdsson Jarl] (den mektige). Han drog tilbake til Island, men seinare kom han attende til Noreg då Olav Tryggvason var blitt konge. Etter vinteren 997/998 drog Hallfred til Sigvalde jarl og deretter til den svenske kongen Olof Skötkonung. Ei tid budde han Götaland der han gifte seg og stifta familie. Omkring år 1000, før slaget ved Svolder, reiste han attende til Island.

Litt seinare kom han til Noreg att og var ei tid hjå Eirik Håkonsson Ladejarl[Note 1] som hans skald, men dei siste åra av livet var han mest på Island.

Hallfred fekk seg ofte fiendar på grunn av sitt stridbare lynne, og tilnamnet «Vandrådeskald» tyder truleg «den brysomme skalden». Livet hans, og mange av dikta hans, er prega av den ulukkelege kjærleiken til Kolfinna (Kolfinna Ávaldadóttir), og hans store akting og beundring for kong Olav Tryggvason. Eit særdrag ved hans utvikling som skald, er brytninga mellom gamal og ny tru.

Mange av dikta hans som er nemnd i sogene, er bortkomne, og vi kjenner i dag til desse:

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I soga om Hallfred er det fortalt at Eirik jarl ville til å drepe han fordi han hadde lemlesta Torleiv Spake (truleg var det han som hadde vore fosterfar til Eirik jarl). Kong Olav hadde gitt Hallfred i oppdrag å drepe eller blindeTorleiv fordi han ikkje ville la seg kristne, men Hallfred hadde nøyd seg med å blinde han på eine auga. Torleiv bad då Eirik jarl om at skulle gi grid til Hallfred og jarlen gjekk med på det, men han sa samstundes at han ikkje vil ha Hallfred hos seg, fordi han hadde stått så nær kong Olav Tryggvason.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hallfreðar saga vandræðaskálds frå snerpa.is (norrøn tekst)
  2. Skaldatal Heimskringla.no (dansk tekst)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]