Hallingdalens historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trebandsverket Hallingdalens Historie vart forfatta av handelsmannen Tolleiv G. Myhre og utgjeve på eige forlag i 1920-åra. Boka vart skriven på riksmål og tok mål av seg til å gje att heile soga om Hallingdal frå tidleg historisk tid. Verket er ikkje rekna som nokon god kjelde, men syner stor lokalpatriotisk sans. I visse høve kan ein sjå at forfattaren har nytta lokale munnlege kjelder, og har arbeidd godt med biletmaterialet.

Historia er inndelt etter kommunane i dalen, med Hol kommune først på lista. Etter Hol går forfattaren nedetter, gjennom Ål, Gol, Hemsedal, Nes og Flå. Kvar kommune får eit historisk riss, og alle hallingar som kjempa i Napoleonskrigane er omhugsamt rekna opp, minnestein for minnestein dalen ende ned.

Boka er i dag rekna som ein kuriositet, og teiknar like mykje eit bilete av oppfatninga i tida, for ikkje å snakke om forfattaren sjølv, som av Hallingdal. Boka er mest etterretteleg på nær historie og lokale, munnlege forteljingar.

I bygdeboka Folk og fortid i Hol skriv Lars Reinton at boka er «interessant».