Hallingkast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallgrim Hansegård frå FRIKAR dance company gjer hallingkast under ei framsyning av Peer Gynt ved Gålåvatnet.

Hallingkastet er rekna som høgdepunktet i framføringa av lausdans. Kastet er ein akrobatisk prestasjon, og det har i mange år vore tevla om kven som kan kaste høgast - historiske kjelder frå nyare tid fortel om dansarar som har nådd om lag fire meter opp i veret.

Hallingkastet tek utgangspunkt i eit rundkast og eit saksespark, utført medan dansaren kastar seg bakover. Til saman gjer dette at dansaren får oppdrift nok til å nå retteleg høgt.

Kunststykket er å råke ein hatt med den eine foten («sparke hatten»). Hatten heng på ein stav (til vanleg halden av ei jente), og skal helst fara så langt som råd er. Lausdansaren vinn åtgaum etter høgda i kastet. Det er vanleg at dansaren sjølv avgjer høgda på hatten før han gjer kastet.

Hallingkastet kan utførast på to vis, med og utan stempling. Stemplakastet er rekna som det gjævaste, og namnet tyder at dansaren når golvet med føtene samla (han «stemplar» i golvet).

Historiske kast[endre | endre wikiteksten]

Det mest kjende kastet i noregshistoria kan vel tilskrivast hallingen Blank-Ola, som gjorde kast etter at han hadde slege ned sorenskrivaren i Sogndal i 1683.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]