Hallingspringar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallingspringar er ein springartype frå Hallingdal. Han har tre danseslag per takt, og er noko raskare enn andre austlandsspringarar. Melodien til Her er det land følgjer om lag hallingspringarrytmen. Dansen har noko sams med masurkaen. Om spelet, sjå artikkelen om hallingspel.

Dans av hallingspringar[endre | endre wikiteksten]


Grunnsteg, handtak og danseretning Grunnstega for både gut og jente er bytomfotsteg (med relativt låg svikt og ein litt skarp svikt på 1. taktslaget). Ein trør ikkje ”forbi” i bytomfotsteget. ”Bruk nokså små steg i heile dansen”. Guten og jenta kan vere på same fot eller motsett fot i steget. Berre ved overgang til ”vrangkanten” må dei vere på motsett fot (på ytre fot samtidig). Guten bruker elles nokså ofte ”gåsteg med bortsvikt”, her kalla ”gåsteg”. Gåstega kan vere på venstre eller på høgre fot. To ulike stader går jenta rundt framfor guten (under armen til guten). Den eine runddansen går snøgt og då nyttar jenta ”svivesteg” (”føtene tett saman”). I den andre nyttar jenta ”bytomfotsteg” og då blir det ein gong rundt på 2 taktar. I den avsluttande rundsnuen brukar dei ”vanleg” rundsnu-steg: guten har venstre, saman,høgre og jenta har saman, høgre, venstre.

Når ei hand ikkje er i bruk, heng ho normalt ned langs sida. Guten kan i somme høve ta hoftefeste med ledig hand (fingrane framover). Guten kan på ulike stader i dansen legge inn markeringar i form av lett tramp i golvet eller appell. Heile dansen går rundt i stor motsols ring.

1. tur (framover og guten rundt seg sjølv) Guten startar framfor og tilsides for jenta med ”leietak” eller ”over-fingertuppane-tak”, i midjehøgd. Guten kan gjerne starte med eit par ”gåsteg” som innleiing, og kanskje med ein liten appell på første steget. Etter nokre steg framover dansar guten rundt seg sjølv med jenta ”på slep”. Hald hendene litt høgt (i midjehøgd), ikkje heilt nede. Etter nokre gonger rundt går guten under eiga arm motsols (han held då i jenta med si venstre hand). Jenta kjem fram på guten si venstre side (inn mot sentrum), så går ho vidare rundt under armen motsols framfor guten, guten skiftar hand til si høgre i midjehøgde og dei går litt framover med hendene (høgre for gut, venstre for jente) over hovudet til jenta.

2. tur (jenta raskt medsols rundt framfor guten) Jenta er no på skrå framfor guten og dei held saman over hovudet til jenta, guten med si høgre og jenta med si venstre hand. Ho kan godt halde rundt langfingeren til guten (utan å halde fast), og sviv raskt rundt medsols med ”svivesteg”. Guten avsluttar svivinga med å gå rundt motsols under eigen arm (på innsida av jenta – mot sentrum av ringen). Når guten går under armen, kan han som eit karstykke gå djupt ned i knea.

3. tur (jenta rundt motsols på bytomfotsteg framfor guten)Etter at guten har gått under, armen byrjar jenta straks å gå rundt framfor guten motsols med bytomfotsteg. Ein gong rundt på to steg. No held paret handflate mot handflate. Etter eit par snuar, skiftar guten til høgre hand, og etter eit par nye snuar igjen tilbake til venstre hand. Så avsluttar guten turen med å gå under armen att og slik at jenta legg si venstre arm på guten si høgre skulder, og guten tar si høgre hand rundt livet på jenta. Når guten går rundt, kan paret gjere det ”rygg mot rygg” eller ”først jente så gut”.

4. tur (”vrangkanten” – totakts rundsnu mot sola)Paret går framover slik dei avslutta tur 3. Guten kan gjerne bruke eit par ”gåsteg”. Før dei startar ”vrangkanten” må guten no syte for at gut og jente er på motsett fot (ved å bruke ”gåsteg”). Som innleiing på ”vrangkanten” gjer guten ein apell på venstrefoten (på einar-slaget på eit bytomfotsteg), og jenta går på sitt bytomfotsteg over på guten si venstre side, slik at jenta blir ståande med ryggen i danseretninga, litt framom og ved sida av guten. Guten har framleis fronten i danseretninga. Taket er slik: Jenta beheld si venstre hand på skuldra til guten, medan ho tar høgre hand om ryggen. Guten tar si venstre arm over jentas høgre skulder, og høgre handa si tar han over overarmen til jentas venstre arm (eller på skuldra). No startar rundsnuen ved at guten trør fram på høgrefoten og jenta trør tilbake på venstre. På neste steg blir det omvendt: Guten tilbake på venstre og jenta fram på høgre. Dermed er dei komne ein gong rundt. I ”vrangkanten” nyttar dei altså ”vanlege bytomfotsteg”. Guten kan i rundsnuen godt variere med ”bortsvikta bytomfotsteg” (= ”gåsteg”), og han kan slå seg ein gong på hælen. Etter nokre gonger rundt dansar guten bakover og jenta framover nokre steg. Her snur guten (og jenta) seg litt frå side til side medan dei dansar. Så snur dei ein halv omgang rundt og dansar med jenta bakover og guten framover.

5. tur (rundsnuen – eintakts rundsnu med sola)Dei innleier rundsnuen ved at guten skifter litt på sitt handtak (jenta endrar ikkje sitt): Høgre hand til guten på ryggen til jenta, og venstre handbaken bak og oppunder høgre armhola til jenta. Dei held no fram med bytomfotsteg i medsols retning (to steg for ein gong rundt). Dette pågår ca to gonger rundt. Så går dei over til sjølve rundsnuen (som når det gjeld fotplasseringa liknar på masurka-rundsnu (venstre, saman, høgre) for guten og på springpolsrundsnu (saman, høgre, venstre) for jenta. I rundsnuen held guten ”litt lenge” på saman og har rak/stram haldning med føtene tett saman, etterfølgd av ein kort 3’ar på høgre fot. Rundsnuen kan gjerne avsluttast med eit løft. Under løftet tar gutane jenta i sidene med begge hendene, jentene har sine hender på skuldrene til guten, og dei held gjerne fram med noko rotasjon under løftet, før jenta blir sett mjukt og lett nedatt.

debatt om dansestilen[endre | endre wikiteksten]

I Hallingdal har det vore noko debatt om utføringa av hallingspringaren. Her er det lagt vinn på tresvikta i dansen, medan det lenge var ei utvikling mot tosvikt i dalen, som i Valdresspringaren. Etter denne debatten har hallingspringaren opplevd ei «attføring» til tresvikt, sjølv om dansetakta ikkje er like jamn som tilsvarande på Vestlandet. I Hallingdal vert det lagt vinn på tungt førsteslag og lettare andre- og tredjeslag i takta.

Lekkje[endre | endre wikiteksten]

Hallingspringar dansa av Ingunn Stræte Lie og Ulf Arne Johannessen [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]