Hallo i uken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hallo i uken var eit satirisk radioprogram som vart sendt på NRK P2 på laurdagar frå 4. februar 1989 til 8. juni 2013.[1] VG har omtala programmet som «kanskje en av norsk radios største suksesser i ny tid», og Lydbokforlaget har produsert ei rekkje CD-ar med høgdepunkt frå programma.[2]

1989-1993[endre | endre wikiteksten]

Programmet vart utvikla av Else Michelet. Nils Rykken leia programmet i 1989, og Kai Sibbern tok over i 1990.[3]

1993-2009[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1993 tok Else Michelet over som programsjef.[4] Saman med komikaren og forfattaren Are Kalvø (programleiar frå 1994) og Espen Beranek Holm leia ho programmet i 16 år. Rune Andersen og Anne Marie Ottersen var faste bidragsytarar, og ei rekkje andre tekstforfattarar, låtskrivarar, skodespelarar, imitatorar og komikarar deltok i programma.

Kalvø omtalte programmet som «kulturkanalens nest morsomste program». Sendingane inneheld sketsjar om politikarar, satiriske songar og vart alltid avslutta med «Hallo i ukens relativt oppsøkjande nyheitsprogram», der overskrifter frå nyheitene neste veke vart presenterte. Programmet hadde eit klart fokus på norsk innanrikspolitikk, men tok også for seg utanrikspolitikk.

Trioen gav seg før sommarferien 2009, etter tjue år i satiren.[5] I 2008 hadde programmet dekning på 91 000.

2009-2013[endre | endre wikiteksten]

Etter sommarferien 2009 tok Jørgen Strickert, Geir-Atle Johnsen og Cathinka Rondan over Hallo i uken.[6]

I desember 2010 sa Strickert opp i protest mot at Johnsen ikkje fekk fornya kontrakten sin. Konflikten med NRK-leiinga og fødselspermisjon gjorde at fleire sendingar i januar 2011 vart avlyst. Strickert trakk oppseiinga si etter at NRK forlenga kontrakten med Johnsen.[7]

Etter 24 år vart Hallo i uken lagt ned i juni 2013. Radiosjef Marius Lillelien sa at programmet vart lagt ned for å gje plass til ein ny kanal der «humor og satire [skulle få] en sentral plass». Lyttartala var òg meir enn halverte frå 2008 til 2013: i 2013 var dekninga rundt 40 000.[8] Siste sending gjekk 8. juni 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leggger ned Hallo i uken, NRK, 31. mai 2013 
  2. «Muntert og vemodig mannskapsbytte i Hallo i uken», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 29. juli 2020 
  3. Wiberg, Kari Finstad (1. september 2008). «Ukas P2-fjes: Kai Sibbern». NRK. 
  4. «Muntert og vemodig mannskapsbytte i Hallo i uken». VG. 6. juni 2009. 
  5. «Hallo i uken-trio gir seg». NRK. 16. januar 2009. 
  6. «- Skal påvirke valgresultatet». NRK. 4. september 2009. 
  7. Nipen, Kjersti (17. januar 2011). «NRK-kontrovers løst». Aftenposten. 
  8. Rydne, Jon H. (1. juni 2013). «Slutt for 'Hallo i uken'». VG. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]