Hallstein Bøgseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallstein Bøgseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. juli 1954
Levanger
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

Hallstein Bøgseth (fødd 8. juli 1954 i Levanger) er ein norsk lærar og tidlegare norsk kombinertrennar. Han vann VM-gull for Noreg i lagtevlinga i 1984, og tre VM-sølv i same øvinga (1982, 1985, 1987). Bøgseth vann eitt verdscuprenn og vart noregsmeister to gongar, 1981 og 1988, og vann i alt ni NM-medaljar. Han representerte Namdalseid IL i Namdal. I dag er han busett i Steinkjer og er lærar i kroppsøving.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bøgseth høyrde til mellom dei beste kombinterrennarane i Noreg frå 1977 opp til 1988. Dei fyrste åra stod han mest alltid i skuggen av Tom Sandberg. Bøgseth fekk eit slags internasjonalt gjennombrot då han i 1979 vart nummer tre i Svenska skidspelen i Falun. Men det var fyrst frå 1981-sesongen han på jamnen kunne måle seg mot dei beste utøvarane i verda. Hans beste prestasjon i 1981 var ein andreplass i Lahti-spelen, der han etter 15 km i løypa var i mål 8,6 sekundar bakom Hubert Schwarz frå Vest-Tyskland.

Bøgseth deltok under vinter-OL for Noreg i 1980 i Lake Placid og vart nummer elleve, same plassering fekk han i den individuelle øvinga både i Ski-VM 1982 i Oslo og sågar i Vinter-OL 1984 i Sarajevo. I den aller fyrste lagtevlinga i noko verdsmeisterskap, avvikla under VM i 1982, fekk han og Noreg sølvmedalje, noko han også oppnådde i 1985, og 1987. Mellom det fyrste og det andre VM-sølvet vart Bøgseth i 1984 verdsmeister i lagtevlinga, saman med Geir Andersen og Tom Sandberg.

Individuelt lukkast ikkje Bøgseth å kjempe om medaljane i dei internasjonale meisterskapane. Åttandeplassen i ski-VM 1985 i Seefeld vart hans beste individuelle plasseringa, to år seinare vart han nr 12 i verdsmeisterskapen, og i sin siste meisterskap, vinterolymiaden i Calgary]] i 1988, vart han nummer 23. i det individuelle rennet og kom på fjerdeplassen i lagtevlinga.

Bøgseth vann sin fyrste og einaste siger i verdscupen i Holmenkollen i 1986. Han vann då ein klar siger føre Hermann Weinbuch frå Vest-Tyskland, med Klaus Sulzenbacher frå Austerrike på tredjeplass.

I perioden 1977 til 1988 vart Bøgseth noregsmeister to gongar, i 1981 og noko overraskande i 1988. Ved det siste høvet viste han Torbjørn Løkken og Trond Arne Bredesen til dei andre medaljeplassane, dei to som året før hadde sikra norsk dobbeltsiger i verdsmeisterskapen. I alt vann Bøgseth desse åra ni NM-medaljar; to gull, fire sølv og tre bronser.

Han slutta å konkurrere i kombinert på topplan i 1990.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1979: Nr 3 i Falun
  • 1980: Nr 11 i vinter-OL i Lake Placid, og nr 10 i Lahti
  • 1981: Nr 2 i Lahti
  • 1982: Nr 3 i Falun. Nr 11 i ski-VM i Oslo
  • 1983: Nr 3 i Holmenkollen
  • 1984: Nr 4 i Holmenkollen. Nr 11 i vinter-OL i Sarajevo
  • 1985: Nr 3 i Planica og i Leningrad
  • 1986: Vinnar av verdscuprennet i Holmenkollen, nr 2 i Murau
  • 1987: Nr 5 i Reit im Winkl
  • 1988: Nr 7 i Rovaniemi

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Nr 6 i Rælingen
  • 1977: Bronsemedalje på Vang
  • 1978: Sølvmedalje på Konnerud
  • 1979: Sølvmedalje i Steinkjer
  • 1980: Sølvmedalje i Asker
  • 1981: Gullmedalje i Rælingen
  • 1982: Nr 7 på Raufoss
  • 1983: Nr 4 i Mo i Rana
  • 1984: Bronsemedalje i Hof
  • 1985: Sølvmedalje i Tromsø
  • 1986: Nr 8 på Vang
  • 1987: Bronsemedalje i Steinkjer
  • 1988: Gullmedalje på Vang
  • 1989: Nr 5 på Geilo
  • 1990: Nr 8 på Gjøvik

Kjelder[endre | endre wikiteksten]