Halltorp

Koordinatar: 56°30′00″N 16°06′10″E / 56.50000°N 16.10278°E / 56.50000; 16.10278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halltorps kyrka er ein festningskyrkje.
Foto: Henrik Sein delbach

Halltorp er ein svensk tettstad i Kalmar kommun i Kalmar län i Småland. I 2005 hadde sjølve tettstaden 292 innbyggjarar, medan krinsen bestod av 639 innbyggjarar. Det er den minste tettstaden i Kalmar kommune og ligg om lag 30 km sør for Kalmar der åkerlandskapet går over i skogsområde. Halltorp har barnehage og barneskule, 1.-6. trinn, medan 7.-9. klasse vert bussa til Ljungbyholm.

Halltorp voks fram rundt Halltorps kyrka, som er ei festningskyrkje frå 1100-talet. Ho ligg ved eit gammalt vegkryss, der vegen mellom Söderåkra, Halltorp og Voxtorp møtes mellom kysten og skogen. Halltorpselva var truleg òg farbar ganske langt innover på den tida. På begge sider av elva kan ein i dag sjå fornminne frå bronsealderen og jernalderen. I 1899 blei jernbanelinja Kalmar-Torsås innvigd, og då blei Halltorp ein stasjon på linja.

Store delar av Halltorp eies av godset Värnanäs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

56°30′00″N 16°06′10″E / 56.50000°N 16.10278°E / 56.50000; 16.10278