Hallvar Thoresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallvar Thoresen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1957 (67 år)
Larvik
Idrett fotball

Hallvar Thoresen (fødd 12. april 1957) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Han er son av den tidlegare landslagsspelaren Gunnar Thoresen, og var ein av Noregs beste og mest meritterte spelarar på 1980-talet. Han spelte til saman 50 A-landskampar (kaptein i 38), og scora 9 mål for Noreg – deriblant vinnarmålet i den historiske sigeren over England i 1981. Han er éin av berre seks norske landslagsspelarar som aldri har spela i den heimlege toppserien. Thoresen har sidan hatt karriere som spelarutviklar og trenar, og seinast som sportssjef for fotballklubben Odd Grenland.

Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Sende brev til FC Twente og fekk prøvespele[endre | endre wikiteksten]

Thoresen starta karrieren i faren sin gamle klubb Larvik Turn som junior. Han var framleis gutespelar då han debuterte for klubben sitt A-lag, og spelte fleire sesongar i 2. divisjon (tilsvarande notida sin første divisjon). Han fekk hjelp av faren til å skrive brev til fotballklubben FC Twente i Nederland. Faren, Gunnar Thoresen, var sjølv ein glimrande angripar som fekk 64 landskampar. FC Twente svara med å invitere ham på prøvespel då han var 19 år. Der viste han nok til at han vart invitert attende for å vere læregut og spele på ungdomslaget same sommar. Overraskande etablerte han seg kjapt på laget. Dette var ein klubb som hadde vore finalist i UEFA-cupen i 1974/75, men i debutsesongen til Thoresen (1976/77) fekk laget ein dårleg start. Thoresen seier sjølv at «eg hadde litt tur. Twente gjorde det unormalt dårleg i seriestarten, og prøvde nye spelarar». Etter kvart gjorde laget det betre og han var med på å vinne den nederlandske cupen våren 1977, med 3–0 mot PEC Zwolle. Thoresen gjekk så å seie rett inn i startoppstillinga, spelte alle dei store kampane i debutsesongen, og var sidan aldri ute av laget i sine nederlandske klubber, om ikkje skadar sette han utanfor.

Ettertrakta av storklubbane[endre | endre wikiteksten]

Han vart ettertrakta i Nederland, og då kontrakten med Twente gjekk ut våren 1981, var både PSV Eindhoven og Ajax ute etter han. Men Twente var villig til å strekke seg langt for å halde på stjernespelaren sin. Dåverande landslagssjef Tor Røste Fossen fortel: «Vinteren 1980 var landslaget på treningsleir i Nederland og spelte mot Twente. Då tok manageren deira meg til side og sa at dersom eg fekk Hallvar til å halde fram i klubben, skulle det kome ein konvolutt til meg også. Eg forstod det slik at det var snakk om ein pen sum pengar. Deretter fortalde presidenten i klubben at Hallvar ville bli boden ein tiårskontrakt med dei beste tilboda nokon spelar i Nederland hadde fått, Johan Cruijff inkludert. Det seier noko om Hallvar sin storleik som spelar».

Kaptein for PSV sitt storlag på 1980-talet[endre | endre wikiteksten]

Han valde til slutt å signere for PSV Eindhoven grunna dei sportslege utfordringane. Overgangssummen var 3,5 millionar kroner, noko som var rekord for ein norsk spelar. Allereie i 1982/83 vart han toppscorar med 22 seriemål, og sesongen etter vart han utpeika som klubben sin kaptein. Thoresen var jamn på eit høgt nivå, og scora over 20 seriemål 4 sesongar på rad. Thoresen sjølv sa det slik: «Det var veldig utviklande å spele spiss i PSV. Det er ein krevjande jobb i Nederland; du må kunne meir enn éin ting. Vi spelte ein slags totalfotball med raske flyttingar mellom posisjonane, og ein spiss må både kunne truge bakrom og vere spelande i andre posisjonar».

Thoresen spelte som regel angripar, men kunne også spele ving dersom klubben valde ein 4-3-3 formasjon. Laget var i medvind og vann serien etter å ha vore nær i mange år. Dette seriegullet kallar Thoresen sitt beste minne. Klubben vann likevel seriegull dei to påfølgjande sesongane også. Men den siste sesongen vart ein nedtur. Han spelte nokre kampar hausten 1987, også i serievinnarcupen, men heile våren 1988 gjorde ein kneskade det uaktuelt å spele. Laget vann europacupen, men då altså utan lagkapteinen på bana.

I 1988 returnerte Thoresen til Noreg, der han spelte ein kort periode for 2. divisjonsklubben Frigg. Tor Røste Fossen var leiar i Frigg denne tida, og dei hadde planar om å leie klubben tilbake til øvste divisjon, men ein skade tvinga han til å legge opp etter berre 6 kampar.

Thoresen er framleis den utanlandske spelaren som har scora mest mål i den nederlandske æresdivisjonen, med 152 mål. Han scora imponerande 106 mål på 179 kampar for PSV. Måla hans held elles til ein 12. plass på lista over flest scora mål i same land.

Landslaget[endre | endre wikiteksten]

Landslaget vart ei anna historie, sidan laget ikkje hadde dei kvalitetane og stabiliteten som var naudsynt for å kvalifisere seg for eit sluttspel. Laget hadde spelarar som Tom Lund, Arne Larsen Økland, Åge Hareide, Einar Aas, Anders Giske og Roger Albertsen. Desse spelarane heldt internasjonalt nivå, men det var for få av dei, og ein klarte sjeldan å prikke inn formtoppen på alle saman til same tid. Landslaget heva riktig nok prestasjonane til å vere i nærleiken av meisterskapskvalifikasjon, i staden for «skippertaksmetoden» laget tidlegare var kjent for. Thoresen hadde debutert for landslaget i ein privatlandskap mot Irland (Resultat:0–0) 21. mai 1978, i Røste Fossens andre landskamp som leiar. Han følgde trenaren dei ti åra han sat med makta, og spelte berre ein landskamp etter at Røste Fossen gav seg. Thoresen vart kåra til bana sin beste spelar då Noreg vann 2-1 i Lecce mot sjølvaste Italia. Han scora også vinnarmålet i VM-kvalifiseringa mot England i 1981 på Ullevål.

Landslagssjefen uttalte i si tid følgjande om Thoresen: «Hallvar var ein spelar i verdsklasse, og sjølvsagt uhyre viktig for landslaget. Han hadde også naturlege leiareigenskapar, og vi utvikla eit svært godt samarbeid. Kvalitetane på bana og som leiar gjorde han til kaptein på PSV, som kanskje var verda sitt beste klubblag midt på 1980-talet. Det var ei oppleving å sjå Hallvar i aksjon på Philips Stadion. Publikum stod alltid og ropte taktfast 'Hallfar! Hallfar!' (v uttales f på nederlandsk). Det er ikkje så mange norske spelarar som gjennom lang tid har styrt kampar på høgt internasjonalt nivå». Hallvar Thoresen spelte femti landskampar og scora ni mål.

Trenarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Etter at spelarkarrieren tok slutt har Thoresen vore trenar i Frigg (1991), Strømsgodset (1992), Brann (1993–95), Hønefoss, Odd Grenland (1997) og Skeid (2001–02). Han har også vore hjelpetrenar og spelarutviklar i Lillestrøm (1998–2000 og 2002–04), og trenar for det norske U21-landslaget.

Frå 1. januar 2007 vart han sportssjef for Odd Grenland. 26. oktober 2007 sjukmelde Thoresen seg frå stillinga, og tre dagar seinare sa han opp stillinga som sportssjef i Odd Grenland.

Trivia[endre | endre wikiteksten]

Thoresen har også prøvd seg som skodespelar. I 1981 var han med i filmen Escape to Victory. Handlinga utspelar seg i andre verdskrig. Eit lag sett saman av krigsfangar frå mange ulike land spelar uavgjort mot sine særs usportslege tyske fangevaktarar, og flyktar etterpå. Hallvar sin rollefigur hadde namnet Gunnar Hilsson.