Hallvard Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hallvard Lie
Fødd18. januar 1905
Nord-Fron kommune
Død7. april 1995
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, filolog, litteraturhistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Hallvard Lie (18. januar 19057. april 1995) var ein norsk filolog frå Nord-Fron, ein pioner i litterær stilforskning og viktig bidragsytar til sagaforskninga og forståinga av skaldediktinga.

Lie tok examen artium på latinlinja ved Eidsvoll landsgymnas i 1926 og magistergraden i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo i 1936 på avhandlinga Studier i Heimskringlas stil. Frå 1937 til -48 var han bibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Oslo. Han vart dr. philos. i 1948 på avhandlinga Jorvikferden og var dosent ved Universitetet i Oslo til 1955.

Frå 1955 var han professor i litteraturhistorie med særleg vekt på mellomalderlitteratur. I 1967 gav Lie ut Norsk verselære og han omsette både Njåls, Egils og Gisle Surson-sagaene og skreiv ei rekke artiklar om skaldediktinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]