Hallvor Persson Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hallvor Persson Lie (8. april 185619. februar 1876) var ein bondeson frå Fyresdal som dreiv med treskjering, samla segner og skreiv dikt.

Bondesonen Hallvor Persson Lie arbeidde mellom anna med treskjering. Skulevinteren 1873/74 gjekk han Kviteseid Seminar. I 1874 gav han saman med den eldre broren John Lie ut diktsamlinga Hugaljo. Samlinga kom i nytt opplag i Minneapolis i 1913. På sjukesenga dikta Hallvor mange salmar på dansk. I 1925 fekk Norske Folkekultur prenta Gaamaalt etti bestemor, ei samling segner og eventyr som han og broren John hadde samla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957