Halsafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halsafjorden sett nordover frå ferja Halsa-Kanestraum
Foto: Øystein H. Brekke

Halsafjorden er ein fjordarm av Vinjefjorden i Tingvoll, Halsa og Surnadal kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 16 km sørover. Vidare innover strekkjer fjordsystemet seg via fleire fjordar til botn av Todalsfjorden, ei total lengd på 45 km.

Fjorden har innløp mellom Magnhildberget i vest og Volungøya i aust. Eit stykke inn i fjorden ligg tettstaden Halsa på austsida av fjorden. Frå her går det ferje over til Kanestraum på andre sida, som ein del av E39. Fjorden går vidare søraustover til Heggemsneset og Vikavollen der han går over i Trongfjorden. Her går òg Bøfjorden inn mot nordaust.

Fv351 går langs delar av austsida av fjorden, medan Fv298 går langs vestsida frå Kanestraum og nordover.