Halsbandugle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halsbandugle
Halsbandugle i Hong Kong Foto: Charles Lam
Halsbandugle i Hong Kong
Foto: Charles Lam
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Otus
Art: Halsbandugle O. lettia
Vitskapleg namn
Otus lettia

Halsbandugle (Otus lettia) er ei mellomstor Otus-ugle og medlem av uglefamilien. Arten har vid utbreiing i Søraust-Asia og sørlege Kina, på øya Taiwan og vestover langs sørsida av Himalaya omtrent til Islamabad i Pakistan.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Halsbandugle i Taiwan
Foto: Jack Walf

Halsbandugle er ei 23-25 cm lang ugle som finst i ei gråbrun og ei rustfarga form, men òg mellomformer finst. Karakteristisk er kombinasjonen av tett streka og marmorert fjørdrakt, tydeleg kvite eller beigefarga på augebryn og i nakken, tydelege øyretufsar og mørke auge. Nebbet er sotgult til hornfarga. Ho deler elles særdraga frå dei andre artane i komplekset: kamiugle (Otus semitorques), landsbyugle (Otus bakkamoena) og krageugle, (Otus lempiji). Jamført med landsbyugle i India, er ho kraftigare teikna både på under og oversida, med korte og brei strek i staden for tynne og lengre. Ho manglar òg landsbyugla sin mørke nebbspiss.[1]

Revirlætet er ein rett mjukt, klårt og fallande «bouu», gjentatt cirka kvart tolvte sekund,[1] jamført med landsbyugla sitt meir stakkato og stigande læte «whuk». Av og til kan ein høyre eit bestemt «kuuk-kuuk-kuuk» og eit tystlæta, klagande «weyoo».

Halsbandugler lever i skog av ulike slag, gjerne med innslag av Shorea robusta, men òg i hagar, lundar i dyrka område og plantasjar opptil 2200 moh. Ho lever hovudsakleg av insekt slik som biller og grashopper og små virveldyr inkludert småfuglar, flaggermus, gnagarar og froskar.[1]

Fuglen hekkar mellom februar og april til mai, i Thailand moglesvis frå januar. Ho legg to til fem glansa egg i eit hòl i eit tre, to til fem meter over bakken, ofte i eit gammalt bo gjort av spettar eller skjeggfuglar.

Storleiken på populasjonen er rekna å vere stabil, men er ikkje estimert. Arten er rangert som livskraftig, LC, av IUCN.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Holt, D. W., R. Berkley, C. Deppe, P. L. Enríquez, J. L. Petersen, J. L. Rangel Salazar, K. P. Segars, K. L. Wood, og J. S. Marks (2020). Collared Scops-Owl (Otus lettia), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.cosowl1.01 Henta 16. november 2021
  2. BirdLife International (2021) Species factsheet: Otus lettia. Henta 16. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Otus lettia
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Halsbandugle