Halsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°49′01″N 12°38′52″E Halsfjorden er ein fjordarm av Stokkafjorden i Vefsn kommune i Nordland. Fjorden har ei lengd på 8 km til garden Sørfjorden i botn av Sørfjorden.

Fjorden har innløp mellom Skonsengodden i sør og Merra ved Halsneset i nord. Fjorden går først austover. Grenda Husvik ligg på nordsida av fjorden. Frå Husvik går Alsneset sørover i fjorden og frå her deler fjorden seg i tre. Halsan går nordover, Grytåfjorden går søraustover, medan Sørfjorden går sørover. Sørfjorden er nokre hundre meter lenger enn Halsan.