Halsnøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Halsnøya i Ryfylke.
Halsnøy
Halsnoey-19-k6.jpg
Geografi
Norway - Halsnøy.png
Stad Sunnhordland
Koordinatar 59°46′51″N 05°45′40″EKoordinatar: 59°46′51″N 05°45′40″E

Areal 38 km²

Høgaste punkt Ravnakulten (291 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Hordaland
Største busetnad Sæbøvik (853 innb.)

Demografi
Folketal 2400
Folketettleik 63 /km²

Halsnøy er den største øya i ei samling av øyer sør i Kvinnherad kommune. Ho er den mest folkerike øya i kommunen. Innbyggjartalet per 2006 er om lag 2 400. Øya kallast ofte for «Perlo» eller «Holmen». Nøkkelstader på øya inkluderer Sæbøvik, Høylandsbygd og Halsnøy Kloster.

Ein av dei eldste båtane i Noreg, «Toftebåten» eller «Halsnøybåten». vart funnen på Halsnøy i 1896, og rekonstruert i målestokk i 2006.

Naboøyene til Halsnøy er Fjelbergøy og Borgundøy, og det går ferje mellom desse tre øyene. Sjoøya er ei lita øy som høyrer til Halsnøy. Kolsøya, Toftøya, Blåbærholmen og andre små øyer/holmar ligg tett rundt Halsnøy.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

På Halsnøy finn ein turistattraksjonar som Halsnøy Kloster og Sæbøvik-festivalen. Det er svært populært med fiske og hytteleige om sommaren, med mange besøkande frå vest-Europa.

Halsnøy kloster[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Halsnøy kloster.

Halsnøy Kloster er eit av Noregs fyrste kloster. Det var eit augustinarkloster, og vart truleg grunnlagd av Erling Skakke med kompani ein gong på i 1164. Her var det på den tida både sjukehus, kyrkje (tilbeding), overnatting, fiske- og jordbrukshandel, og diverse andre arbeidsplassar. Det var augustinarmunkar og nonner som tok seg av sjuke sjømenn, soldatar, bønder og andre sjuke menneske. Den dag i dag er Halsnøy Kloster ein turistattraksjon, der folk frå heile Noreg vitjar klosteret årleg. Like ved klosteret ligg Sunnhordland Folkehøgskule. Stein frå klosteret kan ein finna igjen mellom anna på Stord. I klosterhagen kan ein framleis finna spor etter urter og andre plantar som vart brukt mellom anna til medisin i klosteret. Halsnøy kloster høyrer til Sunnhordlandsmuseet. Venelaget for Halsnøy Kloster, stifta i 1986, er ei gruppe eldsjeler som arbeider for å vedlikehalda klosteret.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Med ferje kan ein reisa til Ranavik på nordspissen av Halsnøy frå Skjærsholmane på Stord. Ein kan køyra undersjøisk tunnell frå Sunde (i Sunnhordland).

Til Syndes på sørspissen av Halsnøy kan ein reisa frå Utbjoa, Borgundøy, Fjellbergøy (og Skjærsholmane?) Med snøggbåt kan ein reisa til Ranavik frå Leirvik på Stord eller frå Sunde.

Halsnøytunnelen[endre | endre wikiteksten]

Halsnøytunnelen, Rv544, opna 8. mars 2008. Den 4 kilometer lange undersjøiske tunnelen strekkjer seg frå Toftevåg på Halsnøy til Sunde. Tunnelen vert betalt av bompenger i 15 år (tom. 2023), samt ekstra avgifter på ferjeprisane frå 2004 til opninga. Det har vore mykje diskusjon rundt tunnelen, spesielt frå fastlandssida.

Skular[endre | endre wikiteksten]

Sunnhordland folkehøgskule, Øyatun ungdomsskule (8.-10.) Halsnøy skule (1.-7.). Sommaren 2011 vart Sætre skule, Tofte skule, Hauge Oppvekstsenter lagt ned og elevane samla på Halsnøy skule.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Halsnøy idrettslag: volleyball, fotball, symjing.
Halsnøy o-lag.
Høylandsbygd skyttarlag.
Idrettsanlegg: grusbanar og grasbane, skytebane, basseng, tennisbane.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Halsnøy Dokk
Eide Marine Services.
Adonis Data.
Fjelberg Kraftlag

Høgaste punkt/fjell/toppar[endre | endre wikiteksten]

Svartaberget, Toftåsen, Landåsen, Ravnekulten, Jamburfjell og Sydnessåta.

Vatn[endre | endre wikiteksten]

Landavatnet, Fjellandsvatnet og Gravdalsvatnet.

Kjente folk frå Halsnøy[endre | endre wikiteksten]

  • Bjarte Agdestein, skodespelar, har vore med og animert den oscarvinnande filmen Den danske dikteren (The Danish Poet)
  • Tor Bjarne Bjelland, musikar (trommer), kjent frå mellom anna Trucks og Robert Post

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]