Halsnøy kloster

Koordinatar: 59°47′48.606″N 5°39′21.236″E / 59.79683500°N 5.65589889°E / 59.79683500; 5.65589889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°47′48.606″N 5°39′21.236″E / 59.79683500°N 5.65589889°E / 59.79683500; 5.65589889

Klosterruinane på Halsnøy.
Hovudbygningen frå rundt 1840.

Halsnøy kloster vart bygd på 1100-talet og ligg på Halsnøy i Kvinnherad i Vestland. Kloster var vigsla den heilage ande.

Halsnøy kloster var eit av fem augustinaranlegg i Noreg i mellomalderen. Ifølge ei seinare skriftleg kjelde, som ein meiner er truverdig, skal klosteret ha vorte grunnlagd i 1163-64 av jarlen Erling Skakke, i samanheng med at sonen Magnus Erlingsson vart krona til norsk konge. Halsnøy kloster fekk i løpet av mellomalderen store jordegods og vart eit av dei rikaste klostera i norsk mellomalder.

Halsnøy ligg midt i den gamle seglingsleia mellom Stavanger og Bergen og i tillegg til dei andelege oppgåvene hadde Halsnøy kloster i tillegg i oppgåve å ta imot, husa og ta seg av ferdafolk, og å stelle sjuke og vanhelsa folk. Det var derfor på sett og vis halvt gjestgjeveri og halvt hospital. I tillegg fekk Halsnøy inn store rikdomar på jordegods i Sunnhordland.

Klosteret vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1287 og det hadde eit nært forhold til biskopen i Bergen, og mange av sakene deira måtte godkjennast av han. I tillegg hadde dei eit nært forhold til Jonsklosteret i Bergen, som var det andre augstinarklosteret i bispedømet.

Ved reformasjonen i 1536 vart klosteret nedlagd og gjekk då over til å vere krongods, som med mange andre klostereigedomar i Noreg. Frå 1539 til 1654 vart Halsnøy kloster organisert som eit len med eigen lensherre. Seinare gjekk det inn under Bergenhus og vart drive som futedøme saman med Hardanger og Voss. Futen, Kammerråd Andreas Juel fekk i 1758 kjøpe futegarden Kloster. Mestedelen av klostergodset vart seld i siste halvdelen av 1700-talet. Frå 1758 og fram til 1956 har garden Kloster vorte drive som Storgård/Herregård av Juel-familien. Rundt 1840 vart restane av det indre klosteranlegget og kyrkje-ruinen rive av Løytnant Andreas Juel og nytt våningshus vart bygd av steinen.

I 1956 kjøpte Sunnhordland Folkemuseum klostertunet, som omfattar kloster-ruinane, våningshuset frå 1841, hageanlegg, naust og brygge. Hovudhuset har seinare år vorte restaurert, både soveromma oppe i loftsetasjen, kjøken, stover og toalett er i dag i god stand. Slik bygningsrestane ligg i dag avspeglar dei det utbygde klosteranlegget slik det låg frå rundt 1300 av. I norsk samanheng er Halsnøy kloster særeige ved at det er det ytre anlegget som er bevart og ikkje den sentrale klosterfirkanten. Bortsett fra Halsnøy kloster finn ein berre to andre klosteranlegg i Noreg dette gjeld for; Selja i Nordfjord og Hovedøya i Oslo.

Klosteret er avbilda gjennom måleriet Halsnøy kloster måla av barokkmålaren Elias Fiigenschoug. Dette måleriet heng, moglegvis tatt som krigsbytte, på Skoklosters slott i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lidén, H.-E. (1967): Halsnøy kloster. Fortidsminner 54. Oslo.
  • Jacob Aaland (1933). «Fitjargods kjem under klostervelde». Fitjar. Sandane: R Søreides Prenteverk. s. 86-87. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Halsnøy kloster