Hopp til innhald

Halsnøya

Koordinatar: 59°46′51″N 05°45′40″E / 59.78083°N 5.76111°E / 59.78083; 5.76111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Halsnøy.
Halsnøya
Geografi
Stad Sunnhordland
Koordinatar 59°46′51″N 05°45′40″E / 59.78083°N 5.76111°E / 59.78083; 5.76111

Areal 38 km²

Høgaste punkt Ravnakulten (291 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland
Største busetnad Sæbøvik (508 innb.)

Demografi
Folketal 1948 (2023)
Folketettleik 51 /km²

Halsnøya er den største øya i ei samling av øyer sør i Kvinnherad kommune. Ho er den mest folkerike øya i kommunen. Innbyggjartalet per 2023 er 1948. Øya kallast ofte for «Perlo» eller «Holmen». Nøkkelstader på øya inkluderer Sæbøvik, Høylandsbygd og Halsnøy Kloster.

Ein av dei eldste båtane i Noreg, «Toftebåten» eller «Halsnøybåten». vart funnen på Halsnøya i 1896, og rekonstruert i målestokk i 2006.

Naboøyene til Halsnøya er Fjelbergøya og Borgundøya, og det går ferje mellom desse tre øyene. Sjoøya er ei lita øy som høyrer til Halsnøya. Kolsøya, Toftøya, Blåbærholmen og andre små øyer/holmar ligg tett rundt Halsnøya.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

På Halsnøya finn ein turistattraksjonar som Halsnøy Kloster og Sæbøvik-festivalen. Det er svært populært med fiske og hytteleige om sommaren, med mange besøkande frå vest-Europa.

Halsnøy kloster[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Halsnøy kloster.

Halsnøy Kloster er eit av Noregs fyrste kloster. Det var eit augustinarkloster, og vart truleg grunnlagd av Erling Skakke med kompani ein gong på i 1164. Her var det på den tida både sjukehus, kyrkje (tilbeding), overnatting, fiske- og jordbrukshandel, og diverse andre arbeidsplassar. Det var augustinarmunkar og nonner som tok seg av sjuke sjømenn, soldatar, bønder og andre sjuke menneske. Den dag i dag er Halsnøy Kloster ein turistattraksjon, der folk frå heile Noreg vitjar klosteret årleg. Like ved klosteret ligg Sunnhordland Folkehøgskule. Stein frå klosteret kan ein finna igjen mellom anna på Stord. I klosterhagen kan ein framleis finna spor etter urter og andre plantar som vart brukt mellom anna til medisin i klosteret. Halsnøy kloster høyrer til Sunnhordlandsmuseet. Venelaget for Halsnøy Kloster, stifta i 1986, er ei gruppe eldsjeler som arbeider for å vedlikehalda klosteret.

Informasjon[endre | endre wikiteksten]

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Med ferje kan ein reisa til Ranavik på nordspissen av Halsnøya frå Skjærsholmane på Stord. Ein kan køyra undersjøisk tunnell frå Sunde (i Sunnhordland).

Til Sydnes på sørspissen av Halsnøya kan ein reisa frå Utbjoa, Borgundøy, Fjellbergøy (og Skjærsholmane?) Med snøggbåt kan ein reisa til Ranavik frå Leirvik på Stord eller frå Sunde.

Halsnøytunnelen[endre | endre wikiteksten]

Halsnøytunnelen, Rv544, opna 8. mars 2008. Den 4 kilometer lange undersjøiske tunnelen strekkjer seg frå Toftevåg på Halsnøya til Sunde. Tunnelen vert betalt av bompenger i 15 år (tom. 2023), samt ekstra avgifter på ferjeprisane frå 2004 til opninga. Det har vore mykje diskusjon rundt tunnelen, spesielt frå fastlandssida.

Skular[endre | endre wikiteksten]

Sunnhordland folkehøgskule, Øyatun ungdomsskule (8.-10.) Halsnøy skule (1.-7.). Sommaren 2011 vart Sætre skule, Tofte skule, Hauge Oppvekstsenter lagt ned og elevane samla på Halsnøy skule.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Halsnøy idrettslag: volleyball, fotball, symjing.
Halsnøy o-lag.
Høylandsbygd skyttarlag.
Idrettsanlegg: grusbanar og grasbane, skytebane, basseng, tennisbane.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Halsnøy Dokk
Tronds Marine
Adonis Data.

Høgaste punkt/fjell/toppar[endre | endre wikiteksten]

Svartaberget, Toftåsen, Landåsen, Ravnekulten, Jamburfjell og Sydnessåta.

Vatn[endre | endre wikiteksten]

Landavatnet, Fjellandsvatnet og Gravdalsvatnet.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Før 1855 var Halsnøya delt mellom tre kommunar: Fjelberg, Skånevik og Eid. I 1855 vart Eid slått saman med Fjelberg og øya var delt mellom Fjelberg og Skånevik fram til 1964, då ho vart del av Kvinnherad.

Kjente folk frå Halsnøya[endre | endre wikiteksten]

  • Bjarte Agdestein, skodespelar, har vore med og animert den oscarvinnande filmen Den danske dikteren (The Danish Poet)
  • Tor Bjarne Bjelland, musikar (trommer), kjent frå mellom anna Trucks og Robert Post

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling:

1900[1] 2000[2] 2023[2]
1086 1991 1948

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1900, frå Digitalarkivet
  2. 2,0 2,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]