Halsnøybåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rekonstruksjon av Halsnøybåten. Han har stor likskap med ein oselvar
Halsnøybåten er sauma saman med lindebasttau.

Halsnøybåten er namnet som vert brukt på ein båt som det i 1896 vart funne restar av på Halsnøy i Kvinnherad i Vestland. Båtrestane vart funne i ei myr. Dei låg under nokre store steinar. Av det som vart funne vart to bord, ein keip og eit band tekne vare på. Dette er no på Bergen Sjøfartsmuseum. Halsnøybåten ser ut til å hatt mykje felles med Nydambåten. Han har vorte C14-datert til 335 e. Kr. ± 65 år.[1]

Så langt ein kan sjå av funnmaterialet har båten vore ein færing på 17-18 fot, vel fem meter. Båten har vore av furu. Han har hatt eit breitt botnbord og to bordomfar over det. Borda er tilhogne av kvartkløyvde stokkar. Ein finn klampar for å surre banda til borda. Borda er sauma saman med tau av lindebast, som går gjennom to millimeter store hol. Det har og vore trekilar i hola for å tette båten og å hjelpe til i samanbindinga.

Bernhard Færøyvik, tok i 1934 for seg restane etter funnet, som var under oppbevaring på Oldsaksamlinga ved Universitet i Bergen. Han målte opp og laga teikningar av dei resterande delane. Med grunnlag i desse teikningane starta Johannes G. Eide i 2005 opp arbeidet med å få laga ein rekonstruksjon av båten i sammarbeid med båtbyggjaren Knut Arne Sørnes, det vart bygd ein modell 1:4 (2006).

Ein fullskala kopi av Halsnøybåten blei bygd 2007-2008. Kopien er utstilt i båthuset til Hordamuseet i Fana.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arne Emil Christensen: Forfedrenes farkoster. Norsk skipsbyggerkunst fra de eldste tider Pax Forlag A/S Oslo 2022 side 38, ISBN 978-82-530-4310-4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]