Halsvik Aggregates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Halsvik Aggregates AS)
Hamneanlegget for Halsvik Aggregates til høgre i biletet.
Foto: Bjarne Thune

Halsvik Aggregates AS er ei bergverksbedrift i Sløvåg i Gulen kommune, ytst i Sognefjorden. Ho er eigd av Aggregate Industries, eit dotterselskap til Holcim Group. Bedrifta i Gulen omfattar eit steinbrot i Sløvåg, der det vert brote om lag 1,5 milliardar år gamal gneis. Bedrifta eksporterer steinmassar til ei rad land i Europa frå eiga djupvasskai. Selskapet har òg eigarskap i eit kvartsittdagbrot i Kvalsund kommune i Finnmark. Bedrifta vart etablert i 1994. I 2004 omsette selskapet for over 100 millionar kroner. Dagleg leiar er Scott R.Watson.

Steinmassane er særs harde, har stor sliteresistens, og ei spesifikk eigenvekt på 2,7 gram per cm³. Etter knusing er granulatforma nærast kubisk, noko som er ein særeigen eigenskap ved Halsvik-gneisen.[1]

Pukk frå Halsvik vert nytta i asfalt og betong, og tener som fundament under jernbaneliner og vegar. I 2005 skreiv Halsvik Aggregates kontrakt for levering av steinmassar til petrokjemiske anlegg og gassrøyrleidningar tilknytte Ormen Lange-utbygginga, og prosjektet på britisk sokkel.[2] Steinmassane vert nytta som «seng» og overdekning for røyrleidningar.

Hamneanlegget både i Gulen og i Kvalsund kan handtere skip på inntil 60 000 tonns bereevne, og har ei lasteevne på inntil 4 000 tonn per time. Ikkje langt frå Halsvik Aggregates ligg Vest Tank-anlegget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Our products Arkivert 2010-04-09 ved Wayback Machine. - Aggregates Industries.
  2. Gneis frå Sløvåg til offshoreindustrien - Sogn og Fjordane fylkeskommune, 8. juni 2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]