Haltdalen nye stavkyrkje
| Haltdalen nye stavkyrkje | |||
| kyrkje | |||
Haltdalen nye stavkyrkje Foto: PerPlex | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Trøndelag | ||
| Kommune | Holtålen | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nidaros | ||
| Prosti | Gauldal | ||
| Sokn | Haltdalen | ||
| Fellesråd | Holtålen | ||
| Type | Langkyrkje | ||
| Arkitekt | Jonas Gill Haanshuus | ||
| Teknikk | Stavverk | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 29. august 2004[1] | ||
| Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
| Diverse | Eigd av stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården | ||
| Wikimedia Commons: Haltdalen stave church, Holtålen | |||
Haltdalen nye stavkyrkje står i Haltdalen i Holtålen kommune i Trøndelag fylke og er ei einskipa langkyrkje frå 2004.[2]

Ho er ein kopi av Haltdalen stavkyrkje frå siste halvdelen av 1100-talet.[3] Kyrkja er eigd av stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården.[1]
Gamlekyrkja vart riven og flytt til museum i Trondheim etter at Haltdalen kyrkje stod ferdig i 1881.[4] Originalen står no på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim. Haltdalen Historielag bad i 1986 om at Haltdalen stavkyrkje skulle flyttast attende til Haltdalen, men Trøndelag Folkemusem sette seg mot.[1] Fylkeskonservator Jonas Gill Haanshuus foreslo i staden at det skulle byggjast ein kopi av stavkyrkja i Haltdalen, og i 1997 la han fram teikningar til ei slik kyrkje.[1] På teikningane var det teke med svalgangar slik den gamle kyrkja opphavleg hadde. Stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården vart skipa med det mål å verkeleggjere planane.[1] Vyrke til bygget vart henta i statsalmenningane i Haltdalen.[1] Som i mellomalderen var det malmfuru som vart vald ut, og dei eldste trea som vart tekne ut var over 300 år gamle.[1] Verksemda Ålen Laft bygde kyrkja og Arne Bergan leidde arbeidet.[1] Det vart lagd vinn på at bygginga skulle skje likast råd slik gamlekyrkja var bygd; reiskapar og teknikkar skulle vere som dei hadde vore på 1100-talet.[1]
Kyrkja vart vigsla av Nidaros-bispen 29. august 2004.[1]

Også stavkyrkja som vart gjeven i gåve frå Noreg til Island ved det islandske tusenårsjubileet for kristninga i 2000 er ein kopi av Haltdalen stavkyrkje. Ho står på Heimaey på Island.[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 «Haltdalen nye stavkirke» på nettstaden til Stiftelsen Haltdalen stavkirke og Gammelgården
- ↑ «Haltdalen stavkirke» på nettstaden til Holtålen kommune, arkivert frå originalen 2016-03-04, henta 2009-06-10
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Jørgen Jensenius: «Haltdalen stavkirke» på nettstaden stavkirke.org, arkivert frå originalen 2009-06-08, henta 2009-06-10
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ «Haltdalen stavkirke» på nettstaden til Trøndelag Folkemuseum
- ↑ «En stavkirke til Island - ny bok fra NIKU» på nettstaden til Norsk institutt for kuturstudier, arkivert frå originalen 2011-07-24, henta 2009-06-10
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)