Halten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Husøya i fiskeværet Halten sommaren 2005. Bilete tatt frå Store Reinsøy.
Foto: Stian Ølstørn
Halten is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Halten

Halten er eit avfolka fiskevær i Frøya kommune i Trøndelag. Halten ligg lengst nord i Froan og utgjer den nordlegaste delen av den 40 nautiske mil lange øyrekka utanfor Frøya, som strekkjer seg frå Sula i sør til Halten i nord.

På Halten finst Halten fyr, som framleis er bemanna.

Halten har hurtigbåtsamband eit par gonger i veka til Sula, Mausund og Froan, samt til Frøya og frå der vidare til Trondheim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første skriftlege nedteikninga om ferdsel til Halten er frå 1548 og viser innbetalt utrorsavgift. Men truleg har folk nytta Halten lenge før det.

I 1779 kjøpte Henrik Borthen heile Froan og området var eigd av familien til 1927Sør-Trøndelag Landbruksselskap frikjøpte fiskeværet. Tobias Ulrik Borthen stod for det meste av utbygginga frå 1868 og fram til den første verdskrigen. Tobias Borthen bygde ei brygge (Borthen-brygga/Skankbrygga) og ei stor Trønderlån (Skanklåna).

I sine glansdagar var Halten Sør-Trøndelags største fiskevær. På det meste kunne det vere opp mot 1000 fiskarar i Halten. Folkemengda var så stor at det vart etablert eige sjukehus på Halten. Nedgangen for fiskeværet byrja med større og meir moderne båtar med lugarar, som førte til at det ikkje lenger var trong for rorbuer. I 1963 brann Skanklåna ned, mange meiner at dette var vendepunktet for Halten og fråflyttinga skaut fart. I 1988 avgjorden dåverande eigar Torstein Erbo å legge ned fiskemottaket. Dei to siste fastbuande, Harald og Borghild Støen flytta frå fiskeværet i november 1988. Halten er i dag eigd av Stiftelsen Halten - Nekolai Dahls Minne.

Halten i dag[endre | endre wikiteksten]

Mange med tilknyting til Halten bur der om sommaren, i tillegg til turistar. Halten har fleire rorbuer og hus med spesielle namn som «VestIndien», «Banken», «Høiskolen», «Telemonhei», «Minde», «Klasbua», «Sykehuset», «Templet», «Svana», «Havna» og liknande. Den tredje lørdagen i juli vert Haltendagen arrangert med fleire kulturarrangement på været, på Fiskarheimen vert det servert rømmegraut og det vert halde åresal og bryggedans. Til dette arrangementet er det sett opp ekstra båttransport.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Halten