Haltibygget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halti
Kart
Haltibygget
69°47′21″N 21°02′39″E / 69.7892263°N 21.0441469°E / 69.7892263; 21.0441469

Halti, også kjent som Haltibygget og Haltisenteret, er ein bygning på Storslett i Nordreisa kommune som opna i 2015.[1]

Det husar Halti nasjonalparksenter, Halti næringshage og Nordreisa kulturvirksomhet,[2] med Halti kulturscene, Nordreisa kino og Nordreisa bibliotek,[3] hovudadministrajsonen til Nord-Troms Museum og Halti kvenkultursenter.

Nord-Troms Museum har hovudstillinga si her og andre utstillingslokale som viser ulike vandreutstillingar, i tillegg til kontor og spesialrom.[4]

Halti er eit høgt, framståande fjell mellom Nord-Troms og Finland. Namnet kjem av samisk háldi, som viser til verneånda til menneske, dyr og stader.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Solvang, Ola (24. oktober 2015), «Inge har lengtet i 40 år. I dag åpnet drømmehuset hans», Nordlys (på norsk), henta 3. januar 2023 
  2. «Om virksomhetene | Halti», Halti.no (på norsk bokmål), henta 4. januar 2023 
  3. «Om Kulturvirksomheten • Kultur - Nordreisa», Kultur - Nordreisa (på norsk bokmål), henta 4. januar 2023 
  4. Halti (på norsk bokmål), Nord-Troms museum, henta 3. januar 2023 
  5. «Velkommen til Halti i Nordreisa! | Halti», Halti.no (på norsk bokmål), henta 4. januar 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]