Haltwhistle
| Haltwhistle | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Nordaust-England | ||
| Fylke | Northumberland | ||
| Folketal | 3 647 (2021)[1] | ||
| Postnummer | NE49 | ||
| Retningsnummer | 0 1434 | ||
![]() Haltwhistle 54°58′12″N 2°27′29″W / 54.97°N 2.458°W | |||
| Wikimedia Commons: Haltwhistle | |||
Haltwhistle er ein by i grevskapet Northumberland i England. Han har kring 3 500 innbyggjarar og ligg 16 km aust for Brampton, nær Hadrianmuren og landsbyane Plenmeller, Rowfoot og Melkridge.
Haltwhistle ligg 23 mile (37 km) aust for Carlisle og 37 mile (60 km) vest for Newcastle upon Tyne. Han ligg omtrent midt mellom dei to havkystane i aust og vest, og er eit påstått sentrum av Stobritannia.[2] Eit hotell i sentrum av byen heiter Centre of Britain Hotel til ære for dette. Hotellet omfattar mellom anna eit peel-tårn frå 1400-talet. I byen finst òg fem bastle-hus, befesta gardshus som var vanlege i dei urolege grenseområda mellom England og Skottland.[3]
Elles er Haltwhistle kjend for nærleiken sin til Hadrianmuren, som ligg nord for byen og er på sitt mest intakte og spektakulære her. Muren går austover frå vatnet ved Crag Lough langs ryggen av Whin Sill.
Transport
[endre | endre wikiteksten]- Jernbane
Haltwhistle jernbanestasjon ligg på jernbanen mellom Newcastle og Carlisle, også kjend som Tyne Valley Line. Linja blir nytta til passasjertransport av togselskapa Northern og ScotRail. Linja blir også nytta av godstog. Ho blei opna i 1838, og følgjer løpet til elva Tyne gjennom Northumberland. Jernbanestasjonen ligg på sørsida av byen, nær South Tyne-elva.
- Veg
A69-vegen, som bind saman Carlisle og Newcastle, gjekk tidlegare sør for bysentrum og gjennom dei vestlege delane av busetnaden. Ein full omkøyringsveg blei opna i 1997.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ «Haltwhistle». Northumberland National Park.
- ↑ «Haltwhistle's history and heritage». Arkivert frå originalen 8. januar 2023. Henta 27 August 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Haltwhistle» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juli 2011.


