Halul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halul
حالول
øy
Land  Qatar
Koordinatar 25°40′30″N 52°24′41″E / 25.67500°N 52.41139°E / 25.67500; 52.41139
Kart
Halul
25°40′20″N 52°24′30″E / 25.672222222222°N 52.408333333333°E / 25.672222222222; 52.408333333333
Wikimedia Commons: Halul Island

Halul (arabisk حالول) er ei øy i Qatar. Ho ligg kring 100 km nordaust for Doha og er eit lagringsområde og losseterminal for olje frå dei kringliggande oljefelta i havet.[1] Ein av hovudbasane til den qatarske marinen ligg på Halul.[2] Kystvakta har òg ein base på øya.[3]

Tidleg på 1900-talet var det stort sett perledykkarbåtar som vitja øya.[4]

Industri[endre | endre wikiteksten]

Kort tid etter oljeindustrien i Qatar kom i gang byrja staten i midten av 1950-åra å investere resursar i å omgjere Halul til ein stor oljeterminal. Øya vart enno viktigare då dei i 1960-åra byrja å utnytte fleire oljefelt i havområdet. Mellom 1964 og 1966 vart det bygd industriområde på øya. I 2015 hadde øya 11 flytande oljetankar med ein kapasitet på i alt 5 millionar fat råolje.[3]

Halul produserer sin eigen elektristet. Her er ni turbogeneratorar med ein kapasitet på 43 MW. To avsaltingsverk på Halul leverer kvar dag 400 kubikkmeter vatn.[3]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av øya ligg på eit sedimentært lag frå paleozoikum. Hormuz-formasjonen frå kambrium er det dominerande overflatelaget.[5] Det er eit av berre to territorium i Qatar som ligg på ei flate frå paleozoikum.[6] Det finst jernoksid som hematitt og oker på øya, men dette er ikkje vunne ut på grunn av store kostnader med utvinninga og transporten bort frå øya.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Geography». Library of Congress Country Studies. Henta 24. oktober 2016.   Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå nettside eller dokument frå Library of Congress Country Studies.
  2. RSN Singh (2008). Asian Strategic and Military Perspective. Lancer Publishers. s. 388. ISBN 978-8170622451. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Halul». Qatar Petroleum. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 2. juli 2015. 
  4. «'Persiabukta Gazetteer Part II, Geographical and Descriptive Materials, Section II Western Side of the Gulf' [53v] (109/286)». Qatar Digital Library. Henta 23. juli 2015. 
  5. Sobhi Nasir, Hamad Al-Saad, Abudlrazak Alsayigh, Oliver Weidlich (25. august 2008). «Geology and petrology of the Hormuz dolomitt, Infra-Cambrian: Implications for the formation of the salt-cored Halul and Shraouh islands, Offshore, State of Qatar». Journal of Asian Earth Sciences 33 (5–6): Abstract. Henta 24. oktober 2016. 
  6. Al-Kubaisi, Muhammed Ali M. (1984). Industrial development in Qatar: a geographical assessment (PDF). Durham E-Theses, Durham University. s. 12. 
  7. Al-Kubaisi, Muhammed Ali M. (1984). Industrial development in Qatar: a geographical assessment (PDF). Durham E-Theses, Durham University. s. 11.