Halvdan Aarsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvdan Aarsrud
Fødd29. september 1878
Død25. juli 1925 (46 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Halvdan Hermannsson Aarsrud (29. september 187825. juli 1925) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Våler i Hedmark. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet i tida 1916 til 1921.

Aarsrud utdanna seg i skogbruk ved Jønsberg landbruksskole i Stange. Han arbeidde på farsgarden på Våler fram til han tok over denne i 1907, seinare tok han over eit anna gardsbruk i bygda. I 1918 fekk han i tillegg lensmannsstillinga i Våler.

Aarsud var medlem i heradsstyret i fleire periodar, ordførar i Våler 1913 til 1918. Han var elles formann i skulestyret ei tid, forlikskommissær og leiar av Hedmark fylkes vegkomite. Stortingsperioden 1916–18 var han opphavleg 1. varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Solør. Etter at representanten Ivar Hvamstad vart sjuk og døydde allereie i mai 1916, tok Aarsrud over ombodet og møtte fast resten av valbolken. Ved stortingsvalet 1918 vart han vald til å representere Solør på Stortinget 1919–21. På Tinget var han 1916-18 medlem i Næringskomiteen, 1919-21 i Skog- og vassdragskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]