Halvmånemaursmett
| Halvmånemaursmett | |
Hannfugl i Jeremoabo, Bahia, Brasil Foto: Arthur Grosset | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av halvmånemaursmett | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
| Slekt: | Herpsilochmus |
| Art: | Halvmånemaursmett H. pectoralis |
| Vitskapleg namn | |
| Herpsilochmus pectoralis | |
Halvmånemaursmett (Herpsilochmus pectoralis) er ein liten, langhala maursmett i maurfuglfamilien Thamnophilidae. Han er endemisk for nordaustlege Brasil. Populasjonen er kategorisert som sårbar av IUCN, estimert til under 10 000 individ, og dei lever spreidde i små isolerte fragment frå delstaten Maranhão i nord til Bahia i sør. Dei har habitat i høg caatingaskog.
Halvmånemaursmetten er monotypisk, det vil seia at han ikkje har underartar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Fuglen er 11–12 cm lang. Vaksne hannar har svart isse og nakke med kvite prikkar rundt issa, eit langt kvitaktig augebrynsstrekk, ein smal svart strek gjennom auget, og grå øyredekkfjør. Ryggen og overgumpen er grå, med ein svart og kvit flekk mellom skulderfjørene og kvitspissa stjertdekke. Vengene er svarte med kvitspissa dekkfjørene og svingfjørene har kvite kantar mot enden. Den ytste stjertfjøra er heilt kvit, den inste er svart med kvite kantar, og dei mellomliggjande er svarte med kvite tuppar. Hals og undersida er hovudsakleg kvit, med grå sider og flankar. Den svarte, halvmåneforma brystflekken er identifiserande for arten innanfor slekta Herpsilochmus og kan vere opphavet til det norske artsnamnet og det engelske namnet «Pectoral antwren».
Hoene har raudbrun isse, brunoliven rygg, beige kantar på svingfjørene, og beige sider på hals og kropp.[1]
Utbreiing og leveområde
[endre | endre wikiteksten]Arten har ei usamanhengande utbreiing. Éi bestand finst lengst nordaust i Brasil, frå Rio Grande do Norte sørover til Sergipe og nordaustlege Bahia. Ei anna bestand finst lenger vest i Maranhão. I begge områda er arten lokal og ikkje vanleg. I Maranhão lever han i lauvfellande skog og galleriskog, i Rio Grande do Norte i restingaskog, og lenger sør i høg caatinga og eldre sekundærskog. Han held seg ikkje til eit bestemt nivå i skogen og finst frå havnivå opp til 850 meter over havnivå.[1]
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Føda omfattar insekt og truleg edderkoppar. Han beitar aleine, i par, i familiegrupper eller i fleirartsflokkar. Han søkjer vanlegvis føda få meter over bakken, nokre gonger så høgt som 12 meter, og sjeldan på bakken. Han søkjer metodisk ved å plukke bytte frå blad, stenglar og lianar, gjerne ved å strekkje seg frå ein sitjeplass, eller ved å hoppe kort og plukke bytte i flukt. Arten følgjer ikkje hærmaur.[1]
Songen er ei «lys, svært rask trille av tututjdrrrrrr-lydar, som stig brått og gjerne sluttar brått eller litt fallande». Lokkelætet er «ein flat caa-lyd».[1]
Status
[endre | endre wikiteksten]Verdas naturvernunion IUCN har klassifisert arten som sårbar (VU) sidan 1994. Halvmånemaursmetten har ei fragmentert utbreiing, særleg i Maranhão. Det finst truleg berre mellom 2500 og 10 000 vaksne individ, og talet er truleg minkande. Trugsmåla er ikkje fullt kartlagde, men store delar av lauvskog er rydda for jordbruk og irrigasjon. Beiting og brenning er utbreidd i heile utbreiingsområdet. Arten finst berre i eitt verneområde, i Sergipe.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen er basert på ei omsetting av «Pectoral antwren» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2025
- Zimmer, K.; Isler, M.L. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Pectoral Antwren (Herpsilochmus pectoralis), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.pecant1.01.
- Referansar
- 1 2 3 4 Zimmer, et al (2020)
- ↑ BirdLife International (2017). «Pectoral Antwren Herpsilochmus pectoralis». IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T22701577A118816985. doi:10.2305/IUCN.UK.2017-3.RLTS.T22701577A118816985.en. Henta 27. mai 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- BirdLife International (2014) Species factsheet: Herpsilochmus pectoralis Arkivert 2014-08-22 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. august 2014.
- (no) halvmånemaursmett hos Artsdatabanken
- (en) halvmånemaursmett i Catalogue of Life
- (en) halvmånemaursmett i Global Biodiversity Information Facility
- (en) halvmånemaursmett hos ITIS
- (en) halvmånemaursmett hos NCBI
- (en) Kategori:Herpsilochmus pectoralis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Herpsilochmus pectoralis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Herpsilochmus pectoralis – detaljert informasjon på Wikispecies