Halvor Bjellaanes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor Bjellaanes
Fødd19. juni 1925
Mo i Rana
Død7. oktober 2010 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist

Halvor Bjellaanes (19. juni 19257. oktober 2010) var ein norsk offiser, bankmann og politikar frå Mo i Rana. Han var stortingsrepresentant 1965-69 for Venstre.

Bjellaanes gjekk landsgymnaset i Orkdal før han utdanna seg i jus ved Universitetet i Oslo, cand.jur. i 1950. Perioden 1951-56 var han tilsett i Forsvaret, fyrst som løytnant i luftvernartilleriet og sidan som kaptein i forsvarsstaben.

Frå 1957 arbeidde Bjellaanes i banknæringa. Såleis var han banksjef 1957-60 i Korgen Sparebank og 1960-68 i Vefsn Sparebank. I 1968 fekk han stillinga som banksjef i Arendal Sparebank. Dei neste tiåra var han leiiande når sparebankar på Sørlandet vart slått saman i større einingar, både ved danninga av Aust-Agder Sparebank i 1973 og av Sparebanken Sør i 1984. I begge desse sparebankane var han administrerande direktør. Elles var Bjellaanes 1978-82 formann i Sparebankforeningen i Norge. Sidan hadde han verv i International Savings Banks Institute i Genève, fyrst som rådsmedlem 1983–85 og deretter styremedlem 1985–89. 1985-89 var han òg styreformann i Agderforskning.

Bjellaanes aktiv Venstre-mann. I 1959–1960 var han med i formannskapet i Korgen herad og 1961–63 det same i Vefsn kommune. Hausten 1965 vart Bjellaanes vald til å representere Nordland og Venstre på Stortinget. Dei neste fire åra var han nestleiar i Justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]