Halvor Bunkholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Bunkholt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1903
Død

9. mai 1978 (74 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet, Venstre

Halvor Bunkholt (17. juni 19039. mai 1978) var ein norsk lensmann, gardbrukar og politikar frå Sauherad som representerte Bondepartiet/SenterpartietStortinget i to periodar på 1950-60-talet.

Far til Bunkholt var lensmann. Sjølv gjekk han framhaldsskule, folkehøgskulen Sagavoll 1920/21 og Otto Treiders Handelsskole i Oslo i 1923. Deretter utdanna han seg til politi ved Statens politiskule gjennom eit 4 og ein halv månad langt kurs.

18 år gammal vart han lensmannsbetjent under far sin. Då faren døydde i 1931 tok Bunkholt over stillinga som lensmann i Sauherad, ei stilling han hadde til 1972, bortsett frå nokre år under 2. verdskrigen, då okkupasjonsmakta avsette han. I tillegg dreiv han garden Søndre Vegheim med mjølkekyr og fruktavl.

Bunkholt var han medlem i kommunestyret i Sauherad frå 1934 til 1971, dei to siste åra som varaordførar. Opphavleg representerte han Venstre, men bytta tidleg over til Bondepartiet då han var usamd med Venstre i landbrukspolitikken. Frå 1945 til 1957 var han formann i Telemark Bondeparti. Han var stortingsrepresentant frå Telemark i to periodar; frå 1950 til -53 for Bondepartiet, og frå 1958 til -61 for Senterpartiet. Ved begge desse vala stilte Bondepartiet/Senterpartiet fellesliste med Høgre. Til stortingsvalet i 1953 stilte Senterpartiet liste åleine, utan å få vald ein representant frå Telemark. Alle åtte stortingssesjonane var Bunkholt medlem i Justiskomiteen. Han interesserte seg likevel meir for samferdsle- og landbrukspolitikk. Særleg engasjerte han seg i vegbygging.

Bunkholt var styreformann i Akkerhaugen forbruksforening og i Saude og Nes sparebank. Han hadde elles styreverv i Bøndenes Bank i Skien, Notodden Bank, Skien-Telemarken Dampskipselskap, Sauherad kraftverk og Midt-Telemark kraftlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]