Halvor Fjermeros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halvor Fjermeros

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1951 (72 år)
Yrke politikar, journalist, skribent
Politisk parti Raudt

Halvor Fjermeros (fødd 5. oktober 1951) er ein norsk forfattar, journalist og politikar for Raudt.

Han er utdanna vernepleigar og jobba blant anna på Emma Hjorths Hjem, ein institusjon for psykisk utviklingshemma, som han seinare skreiv ei bok om. Fjermeros har òg jobba som journalist i Klassekampen i fleire år.[1]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I 2007 vart han gruppeleiaren til Raudt og bystyrerepresentant i Kristiansand.[2]

I Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 fekk Raudt i Kristiansand 618 røyster, som utgjorde 1,6 % av stemmane i Kristiansand. Fjermeros heldt på mandatet i bystyret.[3] Han fekk 172 personstemmar og 316 slengjarar.[4] Dermed kom han på 5.-plass i mengd slengjarar.[5]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1998: Om hundre år er allting glemt? : 100-års jubileumsskrift for Emma Hjorths hjem 1898-1998. Bærum kommune. Sandvika. ISBN 82-994863-0-0
  • 2009: Åndssvak! Et bidrag til sentralinstitusjonens og åndssvakeomsorgens kulturhistorie. Universitetsforlaget. Oslo. ISBN 978-82-15-01362-6
  • 2013: Med lik i lasten. Operasjon Asfalt – de sovjetiske massegravenes skjebne i Norge. Den ukjente historien om oppgravingen av levninger etter 8000 sovjetiske krigsfanger i 1951. Spartacus. Oslo. ISBN: 9788230401033
  • 2014: Uro i euroland. En europeisk reiserapport om avmakt og motstand blant fagorganiserte og sosiale bevegelser i det nye arbeidslivet i EU. Forlaget Res Publica. Oslo. (utgivelse september 2014)
  • «Op til himmel, ned til Hel» : en biografi om nasjonsbyggeren Nicolai Wergeland Portal 2014 ISBN 978-82-831-4024-8
  • Diverse bidrag i form av artikler, for eksempel i Musikkens nødvendighet. (2002). Norsk komponistforening. Oslo. ISBN 82-462-0043-7

Kjelder[endre | endre wikiteksten]