Halvor Fosli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvor Fosli
Fødd 30. august 1961
Dalen i Tokke
Yrke skribent, redaktør, journalist

Halvor Fosli (fødd 30. august 1961) er ein norsk forleggjar og forfattar frå Tokke i Telemark.

Fosli gjekk på Nansenskolen vinteren 1980-81, tok cand.mag. i 1984, årsstudium i kulturfag ved Telemark distriktshøgskole i 1986 og magistergrada i sosiologi ved Universitetet i Oslo hausten 1992, med idéhistorie, kristendomskunnskap og historie som støttefag. Fosli har hatt ei rekkje stillingar i norsk medie- og bokbransje, som forlagsredaktør i Spartacus, Kagge og Aschehoug, han dreiv eige forlag i fem år (Exlex forlag as, 1994-99) og var redaktør for det faglitterære tidsskriftet Prosa i to åremål (2000–2005).

No og då har han òg arbeidd frilans som skribent, forfattar, konsulent og kritikar. Fosli har fire ungar og bur på Skøyen, Oslo.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kvite kull og svarte får. Ingeniørar i norsk skjønnlitteratur Universitetsforlaget, 1996
  • Ute på prøve. Artiklar og tekstar 1988–1995, Det Norske Samlaget, 1996 (Bragepris-nominert)
  • Bibelens visdom Utvalgte sitat ved Halvor Fosli og John Stanghelle, Cappelen, 1996
  • Oscar Wildes aforismer Gyldendal, 1996
  • Litterær spørrebok. 395 spørsmål om norsk litteratur Exlex Forlag, 1995
  • [Johan Corneliussen:] Om Rukla. Illustrert «spørrebok» om en biperson. Redigert og utgitt av Halvor Fosli, Exlex Forlag, 1995
  • Kristianiabohemen. Byen, miljøet, menneska Det Norske Samlaget, 1994 (Bragepris-nominert)